Stjernespekka vinterfestival
13.- 17. februar inviterer HiT - Rauland til vinterfestival. Det blir fem dagar til ende med konsertar, utstillingar, verkstadsundervisning, dans og vinterkappleik. 19 internasjonale utøvarar frå ni europeiske land skal opptre på Rauland internasjonale vinterfestival.
I tillegg til kappleik kan du oppleve konsertar, verkstader, utsillingar og dans under Rauland internasjonale vinterfestival 13.– 17. februar.
I år er det dei tilsette ved institutt for folkekultur som arrangerer den internasjonale vinterfestival som er ei vidareutvikling av den tradisjonsrike Vinterkappleiken som studentane har arrangert i mange år.
Festivalen har fått form og innhald med bakgrunn i det store nasjonale og internasjonale nettverket som er bygt opp rundt fagmiljøet i Rauland.
- Representantar frå ulike fagmiljø innan folkekunst og folkemusikk vil møtast i Rauland desse dagane, og det har vore stor interesse frå utøvarane for å kome til Rauland og få vere med på festivalen, fortel Bodil Akselvoll som er leiar for Institutt for folkekultur.
Dei utanlandske musikarane er leiande utøvarar i sine land. Dei fleste norske utøvarar som skal delta på festivalen er tidlegare studentar frå Rauland som alle har etablert seg innan sjangeren folkemusikk.
12 konsertar og vinterkappleik
Det blir fleire studentkonsertar i løpet av festivalen. Musikar Gabriel Fliflet skal halde konsert på søndagen. Det skal også Sondre Bratland og Ragnhild Furholt saman med VOX. Odd Nordstoga kjem til heimkommunen for å underhalde på fredagen.
På formiddagane blir det verkstader der ein til dømes kan lære seg fele, vokal, ungarsk folkemusikk, britiske og franske songar, kveding eller arbeide med folkekunst.
Den tradisjonelle kappleiken er lagt til laurdagen. Her operere ein med klassene hardingsfele/fele, tradisjonsmusikk, dans, vokal og lagspel og kvar utøvar vil bli dømt av åtte domarar.
Intim festival
Både Raulandsakademiet, puben, kyrkja, Rauland høgfjellshotell og "sentrum" vil bli brukte som konsertarenaer.
- Rauland eignar seg godt til festival fordi det er intimt her og ein stad der folk er til stades. Ein kjem ikkje utanom, humrar Akselvoll.
Allereie den 8. februar kjem representantar frå Romania som skal vere til stades under heile festivalen.
- Eitt av måla med festivalen er å etablere eit fleirårig europeisk kultursamarbeid. Institutt for folkekultur har saman med Telemark fylkeskommune starta på eit samarbeid med den nordlegaste regionen i Romania, Maramures. Representantar frå etnografisk museum, universitetet og leiinga for det internasjonale kontoret i regionen vil besøke Rauland saman med Telemark fylkeskommune, avsluttar "festivalsjefen".
Rauland internasjonale vinterfestival er støtta økonomisk av Høgskolen i Telemark, Telemark fylkeskommune og Vinje kommune.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 13.02.2008