5000 kroner for forretningsidé
I hard konkurranse med ni andre studentbedrifter i Høgskolen i Telemark vann SmartLight SB tysdag DnBNOR-konkurransen i fylket om beste forretningsidé og presentasjon. To minuttar hadde dei på seg for å overbevise publikum.
SmartLight SB med Stig Aspnes (t.v.), Mats Andersen, Geir Tore Berg og Kenneth Nesse vann DnBNOR-konkurransen i Telemark for studentbedrifter. Ole Geir Pedersen (t.h.) frå banken delte ut prisen.
Det var påmeldt ti studentbedrifter til konkurransen "Two minutes to convice" som DnBNOR og Høgskolen i Telemark arrangerte tysdag. Fem av desse var frå høgskolens studiestad i Bø, tre frå Notodden og to frå Porsgrunn.
Lokka investorar
Kvar av dei to minuttar lange presentasjonane var svært profesjonelle. Etter presentasjonen fekk publikum utdelt 50 000 kroner kvar i monopolpengar.
Pengane "investerte" dei i dei bedriftene dei mente ville gje best avkastning dersom det skulle vore ekte pengar. Den bedriften som trakk mest kapital, vann.
Studentbedrifter frå Høgskolen i Telemark har i løpet av dei fem siste fem åra markert seg som leiande i landet med fleire Norgesmeisterskap, heidersprisar og Europameisterskap.
Driv eiga bedrift
"Studentbedrift" er eit pedagogisk opplegg for universitets- og høgskolesektoren der studentar i studietida startar, driv og til slutt avviklar eiga bedrift innafor trygge rammer.
Men fleire av studentbedriftene i Høgskolen i Telemark har reetableret seg som ordinære bedrifter etterpå.
Første steg
Nå er årets meisterskap i gang. Først steg for HiTs studentbedrifter var tysdagens DnBNOR-konkurranse. Kvar av dei 10 studentbedriftene hver fekk to minutter på seg til å presentere seg og sin forretningsidé.
Neste steg er fylkesmeisterskapen i slutten av mars, og dei tre beste frå Telemark får delta i NM seinere på våren.
Lysstyring, drillhaldar og sikker kortbetaling
Forretningsideen til tysdagens vinnarar - SmartLight SB - er ei svært rimelig trådløs, fotocellestyrt styring av utelys for hus og bedrifter. Huseieren kan sjølv enkelt montere systemet. Det ga 5000 kroner i premie frå DnBNOR.
Andrepremie i konkurransen - og 3000 kroner - gjekk til studentbedriften SafeStep SB. Dei har sett på dei mange uhella og ulykkene som elektrikarar er utsett for når dei klartrar opp og ned i gardintrapper med den elektriske drillen. Eit stativ inkludert staumtilkopling for å plassere drillen på gardintrappa er deira idé.
Tredjeplassen og 2000 kroner gjekk til studentbedriften 360 Innovator SB med eit avansert system for å hindre svindel ved bruk av bankkort. Denne studentbedriften har alt innleia nærare samarbeid med DnBNOR om dette systemet.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 04.02.2009