60 ekstra studieplassar til HiT
I framlegget til justering av statsbudsjettet for 2009 får Høgskolen i Telemark 60 ekstra studieplassar.
- Det er vi svært nøgde med, seier rektor Dag K. Bjerketvedt.
I samband med Revidert nasjonalbudsjett som blei lagt fram fredag, gjer regjeringa også endringar i statsbudsjettet for 2009.
Universiteta og høgskolane får 3000 ekstra studieplassar pluss 800 studieplassar til etter- og vidareutdanning.
Høgskolen i Telemark får 60 av dei nye plassane.
Fleire vernepleiarar
Vernepleiarutdanninga i HiT får 30 nye studieplassar.
Dette er i tråd med det HiT ba om i eit innspel til departementet tidlegare i vår.
Her signaliserte HiT at 10 av vernepleiarplassane skulle auke opptaket til det ordinære 3-årige bachelorstudiet, medan 20 plassar skulle gå til eit tilbod retta mot tilsette i Skien og Porsgrunn kommunar som har realkompetanse, men som manglar formell kompetanse.
Y-VEIEN aukar
20 av dei nye studieplassane til HiT blir sett inn for å auke opptaket til Y-VEIEN, ordinær bachelorutdanning til ingeniør for søkjarar med fagbrev og yrkesretta studieretning frå vidaregåande skole.
Høgskolen i Telemark fekk i fjor Kunnskapsdepartementets utdanningskvalitetspris for dette studietilbodet.
Også kapasiteten i allmennlærarutdanninga ved HiT blir styrkt med 10 studieplassar.
Samla gjer regjeringa framlegg om å løyve 118 milionar kroner til dei 3800 nye studieplassane ved universitet og høgskolar.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 15.05.2009