Biogass av grisemøkk
Høgskolen i Telemark har fått 340 000 kroner frå jordbrukets klimaprogram til utvikling av ny biogassteknologi. Det kan føre til at investeringskostnadane ved etablering av biogassanlegg blir reduserte.
Terje Riis-Johansen, som da var landbruksminister, blei imponert og ga 100 000 kroner til vidareutvikling da han i fjor sommar i Skien fekk demonstrert eit gardsanlegg som henter ut biogass frå kugjødsel. Nå har Høgskolen i Telemark fått 350 000 kroner til forskingsprosjekt for å biogassproduksjon basert på grisemøkk.
Teknologien som nå blir testa ut på husdyrgjødsel i Telemark, er ein intensiv biogassprosess som er kjend frå industribiogassanlegg nedover i Europa.
Grisemøkk
Prosjektet er ei vidareføring av eit prosjekt som tidlegere har fått støtte over klimaprogrammet. Det blei da gjort forsøk med biogassproduksjon basert på kumøkk.
I dette prosjektet skal teknologien også bli testa ut på svinegjødsel. Resultata er venta mot slutten av 2010.
HiT satsar på biogassforsking
- Vår interne satsing på biogassforsking gjennom blant anna stipendiatstillingar til Finn Haugen og Wenche Bergland var avgjerande for at høgskolen er blant dei få som har fått tilslag i dette klimaprogrammet, seier professor Rune Bakke ved Høgskolen i Telemark.
Lite lønsame i dag
Dagens investeringskostnader og rammevilkår gjer det vanskeleg å gjere gardsanlegg for produksjon av biogassanlegg lønsame. Derfor er det beskjeden satsing på slike anlegg.
Men dersom høgskolen lukkast i utviklingsarbeidet, kan det føre til at investeringskostnadene ved etablering av biogassanlegg blir reduserte.
5-årig program
Det nasjonale utviklingsprogrammet for klimatiltak i jordbruket er eit 5-årig program. Ramma for 2009 er på 6 millionar kroner. Budsjettmidla blir sette av over jordbruksavtalen.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 05.11.2009