Flest studieplassar for førskolelærarar

Gjennom det samla nasjonale hovudopptaket 20. juli har 243 søkjarar fått tilbod om plass på førskolelærarstudiet, 100 på sjukepleiarstudiet og 85 på eigedomsmeklarstudiet ved Høgskolen i Telemark.

(Bilde:) Studiedirektør Bjørn Goksøyr
ikon zoom

Studiedirektør Bjørn Goksøyr er svært godt nøgd med den gode rekrutteringa til førskolelærarutdanningane i Høgskolen i Telemark.

Desse tre studia toppar lista for Høgskolen i Telemark.

Totalt er det litt over 1500 ledige studieplassar ved grunnutdanningane i høgskolen. Men 1675 søkjarar har fått tilbod om plass.

- Det vil alltid vere litt overbooking fordi vi veit at ikkje alle svarar ja på tilbodet om plass, seier studiedirektør Bjørn Goksøyr.

Dei som nå har fått tilbod om studieplass, må innan førstkomande søndag svar ja eller nei.

Førskolelærarutdanning ved tre studiestader
På førskolelærarutdanninga har Høgskolen i Telemark 200 studieplassar fordelte på 60 i Drammen, 40 på Notodden og 60 i Porsgrunn pluss 40 på deltid.

Allmennlærarstudiet har tilbod i Notodden og Porsgrunn pluss eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium. Her har i alt 129 søkjarar fått tilbod til samla 115 studieplassar.

Aukar kapasiteten
Eigedomsmeklarstudiet har opprinneleg bare 35 studieplassar. Men kapasiteten blir nå auka for å ta i mot fleire av søkjarane.

Likevel er det framleis ventelister til studiet etter at 85 av søkjarane har fått tilbod om plass.

Høgskolen i Telemark etablerte det treårige eigedomsmeklarstudiet for tre år sidan etter at BI hadde vore aleine i Norge med slik utdanning.

Tilbod til 100 sjukepleiarsøkjarar
Ved sjukepleiarstudier er det 85 ledige plassar. Men Bjørn Goksøyr reknar med å treffe dette måltalet når det nå er sendt tilbod til 100 av søkjarane.

Høgskolen i Telemark har med sine 62 ulike grunnutdanningar det klart mest omfattande studietilbodet blant høgskolane i landet.

Restetorget
Ved mange av desse studia er det framleis ledige studieplassar. Lista over desse og dei tilsvarande lediga plassane ved andre høgskolar og universitet kallast Restetorget. Også desse blir søkte via nettet.

- Vi har alltid rekruttert mange studenter gjennom Restetorget. Det endelege talet på nye studentar vil vi først vite etter studiestart 17. august. Men vi vil ha ein indikasjon når svarfristen for hovudopptaket er ute 26. juli, seier studiedirektør Bjørn Goksøyr.

Sentralisering
Da det nasjonale Restetorget blei opna måndag morgon var det ledige plassar ved 390 ulike studium rundt om i landet.

Høgskolane i distrikta har flest ledige studieplassar.

Høgskolane og universiteta i dei store utdanningsbyane Oslo, Bergen og Trondheim har fått fylt opp studieplassane alt nå i første opptaksrunde.

Desse har samla bare ein handfull studium med ledige plassar.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 21.07.2009