HiT-studentar pregar Nordsjøfestivalen
Folkekulturstudentane ved Høgskolen i Telemark får ein knallstart på studieåret. Frå torsdag av skal dei spele på Nordsjøfestivalen i Farsund .
Saman med tilsette skal studentane også bidra med utstillingar og elles vere med på å skape ei god atmosfære i byen.
Nordsjøfestivalen i Farsund er ein internasjonal musikkfestival som har fokus på tradisjonsmusikken i landa rundt Nordsjøen.
Med frå starten av
Samarbeidet med Nordsjøfestivalen starta i 2005, og sidan då har HiT- studentar frå Institutt for folkekultur vore med å sette sitt preg på festivalen.
Fleire av folkemusikklærarane ved Institutt for folkekultur er av dei fremste formidlarane av tradisjonsmusikk frå Agder, og dei har av den grunn vore med på festivalen sidan første Nordsjøfestival i 1999.
Markert HiT-preg
I den historiske oversikta over artistar som har vore med på festivalen sidan 1999, finn vi folkemusikklærarane Frode Nyvold, Ragnhild Furholt, Leiv Solberg, Per Åsmund Omholt og Ånon Egeland og om lag 20 tidlegare folkemusikkstudentar frå Rauland.
Kunstnarleg leiar for festivalen, Knut Egil Kristiansen, har studert folkemusikk ved HiT i to år før han avslutta utdanninga si med mastergrad i tradisjonskunst der temaet var Tradisjonsmusikken på Lista.
Seminar i ”Song og språk”
HiT har i år ansvar for seminaret ”Song og språk”, og seminaret vert leia av førstelektor Frode Nyvold.
(Sjå fullt program på http://nordsjofestivalen.no/).
I finalen
Student på masterstudiet i tradisjonskunst, Kim André Rysstad, er med på tre konsertar.
Under festivalen skal det også avgjerast kven som vert vinnar av årets INTRO-folk, Årets unge folkemusiker. Kim André er ein av tre finalistar.
Utstilling av student- og lærararbeid opnar laurdag 22. august i Galleri Farsund.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 21.08.2009