Ingen nye studieplassar til HiT
Dei 85 ekstra studieplassane som Høgskolen i Telemark fekk gjennom revidert nasjonalbudsjett i sommar, blir videreførte. Men HiT får ingen nye studieplassar i framlegget til statsbudsjett for 2010.
Høgskolen i Telemark får eit reelt svekka budsjett, meiner høgskoledirektør Nils Røttingen, rekneskapsleiar Tone Østvedt og økonomidirektør John W. Viflot.
Den samla statlege løyvinga til Høgskolen i Telemark blir på vel 490 millionar kroner i 2010.
Heller ikkje dei andre universiteta og høgskolane får nye studieplassar i 2010, men bare vidareføring av ekstraplassene frå revidert nasjonalbudsjett for 2009.
Overraskande
- Dette er overraskande når vi veit at regjeringa i si eiga utdanningsmelding peikar på at det kan bli 80 000 fleire søkjarar til høgare utdanning dei næraste åra, mellom anna på grunn av auka ungdomskull, seier høgskoledirektør Nils Røttingen ved Høgskolen i Telemark.
- Det er også skuffande at det ikkje er oppretta fleire doktorgradsstipendstillingar.
Positiv samarbeidssatsing
- Det er posititivt at det blir foreslått løyvd 50 millionar kroner til samarbeidstiltak mellom universiteta og høgskolane og at klimaforskinga får eit løft, legg Nils Røttingen til.
Lønns- og prisvekst
Løyvinga til Høgskolen i Telemark er auka med vel 22 millionar kroner samanlikna med det opprinnelege budsjettet for 2009.
Vel 14 millionar av dette er kompensasjon for forventa lønns- og prisvekst.
I tillegg får HiT 2,4 millionar ekstra for auka studiepoengproduksjon, men blir trekt 2,0 millionar for reduserte forskningsresultat.
Dei 85 studieplassane frå revidert nasjonalbudsjett sist sommar blir dekte for 2010 med nær 6,8 millionar kroner.
Svakare HiT-budsjett
- Men for andre året på rad er pensjonssatsane sette opp. Dette aukar personalkostnadene våre med 6,2 millionar kroner. Dette får vi ikkje dekt i budsjettframlegget. HiT får derfor eit reelt svekka budsjett, kommenterer økonomidirektør John W. Viflot.
- Tilbake på 2008-nivå
I ein uttale peikar Universitets- og høgskolerådet på at basisløyvinga til institusjonane i realiteten er tilbake på 2008-nivå.
- Skal vi leve av kunnskap i framtida, må vi investere i kunnskap nå. Det framlagde budsjettet svekker sektorens mogelegheiter til å oppfylle dei forventningane kunnskapssamfunnet set til universitet og høgskolar, seier leiar for rådet, Jan I. Haaland.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 13.10.2009