Nominert til Folkelarmprisen

Lærar ved folkemusikkstudiet ved Høgskolen i Telemark, høgskolelektor Ragnhild Knudsen er nominert til Folkelarmprisen. Prisen skal delast ut under arrangementet Folkelarm i Oslo laurdag den 19.september.

På bilete ser ein folkemusikkgruppa Glima (frå venstre) Ragnhild Knudsen, Torunn R. Rue og Helene Waage.
ikon zoom

GLADE NOMINERTE: På bilete ser ein folkemusikkgruppa Glima (frå venstre) Ragnhild Knudsen, Torunn R. Rue og Helene Waage.

Knudsen er ein av tre utøvarar i gruppa Glima. Gruppa er nominert med CD-en ”Tårånn”.

Glima er ein utradisjonell stryketrio som framfører tradisjonell norsk folkemusikk. Musikarane nyttar hardingfele, bratsj, cello og song.

Mykje av musikken er frå Telemark der trioen held til, men Glima hentar og stoff frå Vestlandet der Torunn Raftevold Rue kjem frå.

Mange påmeldte
Det var 80 påmeldte som konkurrerte om å bli nominert til dei ulike prisane, og nominasjonane i dei ulike klassane er no klare.

Fleire med tilknyting til HiT
Av desse er det fleire som har hatt, tilknyting til HiT si folkemusikkutdanning i Rauland.

Av dei fire som er nominerte i kategorien ”solo” finn vi to tidlegare HiT-studentar, Åse Teigland frå Hardanger med CD-en ”Stille” og Olav Luksengård Mjelva frå Røros med CD-en ”Fele / Hardingfele”.

Under kategorien ”gamaldans/tradisjonalist” finn vi også ein tidlegare HiT student, Aslak O Brimi, som saman med Erlend Viken er nominert med CD-en ”Duo”.

Platepris for folkemusikk og verdsmusikk
Folkelarmprisen er ein egen platepris for folkemusikk og verdsmusikk. Folkelarmprisen vart oppretta samtidig med at Folkelarm vart gjennomført for første gong i 2005.

Delvis vart prisen oppretta fordi ein var misnøgd med måten Spellmannsprisen vart gjennomført på. I tillegg til dei "faste" kategoriane, kan ein også innføre nye

Ansvarlig for nettsiden Hege Schjøth Øverås - 14.09.2009