Spesialiserte lærarutdanningar frå 2010
Grunnskolelærerutdanninga i Høgskolen i Telemark blir frå hausten 2010 delt i to spesialiseringsretningar, ein for klassetrinna 1 - 7 og ein for 5 - 10.
- Med den nye strukturen vil Høgskolen i Telemark nå tilby lærarutdanningar som dekkjer alle nivå frå barnehage til utgangen av vidaregåande skole, seier dekan Anne Solberg.
Den siste vil ha meir tyngde på faga.
Omlegginga for HiT er del av den nasjonale styrkinga av lærarutdanninga. Omgrepet "allmennlærar" vil forsvinne.
Dei fleste får begge
Etter at Kunnskapsdepartementet ba instusjonane samarbeide og fordele desse tilboda seg i mellom, var det en del internt frykt i høgskolane for at fleire ville sitte igjen med bare ein av to spesialiseringsretningane.
Nå har alle, med unntak av Høgskolen i Buskerud, fått begge retningane.
Styrker lærarutdanningane
-Vi er svært nøgde med at vi kan tilby begge retningane, seier dekan Anne Solberg ved høgskolens avdeling for estetiske fag, formingsfag og lærarutdanning.
- Med dette vil Høgskolen i Telemark utdanne lærarar for alle alderstrinn frå barnehagenivå til utgangen av vidaregåande skole.
- Eg trur også at den satsinga vi nå gjer på nettbaserte variantar av utdanningane, vil styrke lærarutdanningane våre ytterlegare.
HiT i Region Sørvestlandet
Grunnskolelærerutdanningane inngår nå i ei regional organisering.
Høgskolen i Telemark er ein del av Region Sørvestlandet saman med Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger.
180 studieplassar for HiT
Region Sørvestlandet har Høgskolen i Telemark sett opp med 180 studieplassar.
Universitetet I Agder får 175 og Universitetet i Stavanger 135 studieplassar.
Denne studiekapasiteten skal fordelast med om lag 60 prosent til første til sjuande trinn og 40 prosent til femte til tiande klassetrinn.
Må rekruttere nok
Føresetnaden for å behalde desse studieplassane er at lærestadene greier å rekruttere nok kvalifiserte søkjarar, og at institusjonene i de ulike regionene samarbeider.
Samarbeid melllom Høgskolen i Telemark, Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger legg opp til samarbeid om lærarutdanningane, særleg på masternivå.
Det blir også peika på samarbeidsområde som internasjonalisering, nettbasert og nettstøtta undervisning, praksis og skolenær forsking og kompetanseutvikling.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 27.11.2009