Eksotisk vinterfestival på Rauland

Kva med eit lite kurs i engelske og franske folkeviser? Eller i bygging av ein klassisk einradar? 11. – 15. februar arrangerer Høgskolen i Telemark den årlege Vinterfestivalen på Rauland. Kurs, konsertar og utstillingar vil utfordre sansane dine.

Masterstudent ved HiT Veronica Glitsch viser frem klesplagg hun har laget ved redesign av gamel klær.
ikon zoom

Ta med deg gamle klær, saks og symaskin - og bli med på kurset i redesign av klær som masterstudent Veronica Glitsch skal halde under Rauland Internasjonale Vinterfestival. Du kan delta på ei rekke kurs, utstillingar og konsertar under festivalen. (Foto: Øystein Øygarden, Vest-Telemark Blad)

Songarane Didier Oliver, Anthony Sheehan og Richard Burgess er tilbake der dei avslutta i fjor: Som kursinstruktørar i engelske og franske folkeviser på dagtid og stamgjestar på pub’en på kveldstid. Dei har klangfulle stemmer og pratar ei flott blanding av engelsk, fransk og norsk.

Dei kjende kvedarane Hill Romtveit og Unni Boksasp kjem for å halde kurs. Ein annan stad i kurslokala møter du musikarar, dansarar og studentar frå Slovakia og ikkje minst den legendariske gruppa Fratii Petreus frå Romania.

Det høgskolens Institutt for folkekultur som har ansvaret for Vinterfestivalen.

Studentar med kurs og kappleik
På laurdag arrangerar folkemusikkstudentane den tradisjonelle kappleiken.

På handverk og kunst sida er gjenbruk stikkordet. Eit av kursa er leia av Marie Asbjørnsen, eit anna av Veronica Glitsch. Begge to er kunsthandverkarar og tidlegare studentar ved instituttet i Rauland.

Marie er kjend for å produsere avanserte smykker av ølboksar, korkar, avispapir og anna

Fransk- engelsk forbrødring under Vinterfestivaln 2008, fra venstre: Didier Oliver, Emmanuel Pariselle, Anthony Sheehan og Richard Burgess.
ikon zoom

Fransk- engelsk forbrødring under Vinterfestivalen 2008. Fra venstre: Didier Oliver, Emmanuel Pariselle, Anthony Sheehan og Richard Burgess.

kvardagsleg avfall. Veronika er kjend som ein visjonær og kreativ kleshandverkar. Ho seier ho syr relasjonar mellom deg, kroppen din og gamle, avlagte klede.

Utstillinga Ikonmåleri og broderi frå Ukraina er open heile festivalen. Her syner to av høgskolen sine masterstudentar fram arbeida sine.

Tre meter høg isskulptur
Ein viss form for gjenbruk kan ein også seie at iskunstnar og skulptør Erik Pirolt stend for, der han har pakka saman gamal og ny snø til digre kubar, dei største på 3 x 3 x 3 meter.

Utstyrt med mellom anna spade, strykejarn, is-motorsag og enkelt tryggleiksutstyr frå fjellklatring er målet å gje snøklossane nytt innhald og ny form.

Musikk i alle krokar
På kvelden bys det på små og store kunst- og musikkopplevingar på pub’en, på konsertscenen eller i krikar og krokar.

Med erfaring frå tidlegare år er det vanskeleg å vere på pub’n utan å la seg rive med eller bevege av lokkande og pirrande rytme og klangar, melder de ansatte ved institutt for folkekultur.

Norsk folkemusikklag (NFL) har lagt det årlege seminaret sitt til Rauland denne veka. Seminaret er ope for interesserte, men krever påmelding.

Bygg ein einradar
I løpet av festivalen reknar arrangørane med at eit større antal einradarar kjem til å "sjå dagens lys".

Det er Emmanuel Pariselle som held eit separat kurs i bygging av ein klassisk einradar laga av eksotisk tre og blank messing. Kanskje blir desse å høyre under konserten på laurdag.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 09.02.2009