Britisk pris for beste fagartikkel i 2009

Førsteamanuensis Niklas Kreander ved Høgskolen i Telemark har saman med to engelske kollegaer fått prisen for den beste artikkelen i 2009 i fagtidsskriftet The British Accounting Review.

Niklas Kreander
ikon zoom

Prisen har tittelen "British Accounting Assosiation/Assosiation of Chartered Certified Accountants Prize for 2009".

Fagartikkelen tar for seg korleis store friviljuge og veldedige organisasjonar i praksis forvalter og investerer dei fondsmidla dei rår over.

Sprik mellom etikkmål og praksis
Niklas Kreander og dei to forskarkollegane hans dokumenterer at det langt frå alltid er etisk samsvar mellom organisasjonane sine ideelle målsettingar og kva for selskap dei investerer fondsmidla i for å få fonda til å vekse.

- Vi har for eksempel veldedige organisasjonar med u-hjelp som formål, men som også investerar deler av fondsmidla i våpenproduksjonsselskap - og at det dermed er avkastninga av denne investeringa som så går til u-hjelp, seier Niklas Kreander.

Mister oversikten
- Det er også helst bare dei større frivilljuge og veldedige organisasjonane som har skriftlege etiske retningsliner for sine investeringar. Men investeringa av fondsmidla blir likevel gjerne sett bort til profesjonelle forvaltarar, og organisasjonen sjølv mister lett oversikten over kva for selskap det blir investert i.

I forskningsprosjektet har Niklas Kreander og kollegane undersøkt rundt 200 friviljuge organisasjoner i Storbrittania og nær 100 i Norge.

Dei har blant anna sett på om dei frivilljuge og veldedige organisasjonane investerte i selskap med verksemd innan tobakk, våpen, pornografi, gambling, alkohol eller som er knytte til undertrykkande regimer, miljøødeleggingar og klimaforverring.

Putting our money where their mouth is
Tittelen på Niklas Kreanders og dei to kolleganes prisbelønte artikkelen er "Putting our money where their mouth is: Alignment of charitable aims with charity investments – Tensions in policy and practice".

I tillegg til heideren som prisen prepresenterer, følgjer det også med ein pengesum på 300 pund.

Utdelinga av prisen for 2009 skjer i Cardiff 30. mars.

- Men dessverre har eg sjølv ikkje høve til å være til stades, seier Niklas Kreander.

Hans fagområde ved Høgskolen i Telemark er finansiering og investering.

Fleire prisar til økonomimiljøet i HiT
I tillegg til Niklas Kreanders britiske pris, blei økonomifagmiljøet ved Høgskolen i Telemark også nyleg honorert for beste fagartikkel i tidsskriftene til Samfunnsøkonomenes forening for 2009.

Der fekk førsteamanuensis Lars Håkonsen prisen saman med forskerkollega Knut Løyland ved Telemarksforkning for deres artikkel om ulovlig fildeling

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 12.03.2010