EU lærer om entreprenørskap frå HiT

Høgskolen i Telemark sin satsing på entreprenørskap vekkjer interesse i EU. Tysdag fekk ein større EU-delegasjon blant anna møte studentbedrifta TopSafe som gjorde suksess i årets EM.

Jo Inge Dalland fra TopSafe demonsterar arbeids- og tryggleiksvesten for to av deltakarene i EU-delegasjonen.
ikon zoom

Jo Inge Dalland demonstrerar tryggleiksvesten for to av deltakarane i EU-delegasjonen.

Det er NHO Telemark som er vertskap for EU-delegasjonen med 18 deltakarar frå undervisningsdepartement, høgskolar og universitet i Spania, Portugal, Belgia, Wales og Nederland. NHO er med i ein EU-partnarskap som skal stimulere til entreprenørskap som tema i utdanning.

Fleire ønskjer nå å kopiere den norske satsinga på å gje studentar kompetanse i entreprenørskap.

Her er Høgskolen i Telemark leiande. Ved sida av suksessen med studentbedrifter, har høgskolen også eige bachelorstudium i innovasjon og entreprenørskap.

Suksessfaktorar
Professor Svein Thore Hagen, instituttleiar Hans Martin Rugstad og dekan Ole Ringstad ga EU-delegasjonen nærare innblikk i opplegg og suksessfaktorar bak HiTs studentbedrifter.

Studentbedriftkonseptet er nå tilbod til studentar ved studiestadene Bø, Notodden og Porsgrunn.

Presentasjonen av studentbedrifta TopSafe vekte stor interesse i EU-delegasjonen. To av dei fire etablerarane bak bedrifta presenterte og demonstrerte både produktet og forretningsopplegg.

TopSafe blei både nr. 2 totalt og vann den prestisjefylte prisen for beste internasjonale potensial under EM for studentbedrifter i Bulgaria sist juni.

Tredje pallplassering i EM
Studentbedrifta Top Safe består av HiT-studentane Jo- Inge Dalland, Geir Eirik Hallsteinsen, Henning Borgeraas og Mariann Stubberød. Alle fire blei uteksaminerte som byggingeniørar denne våren.

Og det er tredje gang HiT fekk ein pallplassering i EM.

Å etablere ei studentbedrift er eit valfritt alternativ til avsluttande oppgåve i ulike bachelorutdanningar i høgskolen. I løpet av eitt år blir bedrifta oppretta med forretningsidé og forrretningsplan, registert i Brønnøysundregisteret, drive som bedrift og så avvikla på ein styrt måte innan året er slutt.

Nå etablert som AS
TopSafe vann både dei nasjonale og internasjonale prisane for ein kombinert tryggleiks- og arbeidsvest til bruk under arbeid på høge tak og stillasjar.

TopSafe blei etter planen avvikla som studentbedrift i vår, men er nå etablert på nytt som ordinært aksjeselskap.

Bedrifta har allereie etablert salssamarbeid med internasjonale aktørar, og produktspekteret er også utvida med blant anna nykonstruert evakuerings- og redningsele til bruk som rømmingsveg ved brann i høge bygningar.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung, sist oppdatert av Ingvild Gjone Sildnes - 16.09.2010