Elbilforslag vann miljøprisen
Innkjøp av elbilar og ladestasjonar ved høgskulen sine studiestader var vinnarforslaget til miljøprisen 2010. Førstelektor Idar Vassli var forslagstillar og konkurrerte blant 25 gode miljøframlegg frå studentar og tilsette ved Høgskolen i Telemark.
- Eg har alltid litt dårleg samvit når eg set meg i bilen, og tenkjer ofte at denne livsførselen kan vi ikkje halde fram med alltid. Derfor har eg tenkt tanken på elbilar ved høgskulen og eigne ladestasjonar som både tilsette, studentar og gjester kan bruke. Dersom tilsette får prøve bilen i jobb, vil dei kanskje også kunne gå til innkjøp av ein elbil privat. Eg trur det vil vere realistisk å få gjennomført, meiner Vassli.
Han vil ikkje skryte av å vere altfor miljømedviten, men han har vore medlem av Fremtiden i våre hender i 30 år og forsøker å sykle og gå til jobb når anledningen byr seg.
Juryen hadde ein vanskeleg jobb med å plukke ut det beste framlegget, men likte Vassli sitt forslag av fleire grunnar.
- Bruk av elbilar reduserer Co2 og NOX-utsleppa i nærmiljøet, det er haldningsskapande og vil gje høgskulen positiv publisitet. Dersom framlegget blir sett ut i livet, vil det kunne oppmuntre tilsette og studentar til å nytte elbilar. Elbilar er eit aktuelt tema når det gjeld generell miljøsatsing. I tilegg til nullutslepp brukar elbilen mindre energi per mil fordi elektromotoren har høgare verknadsgrad enn forbrenningsmotoren, grunngjev juryen. Juryen var samansett av førsteamanuensis Randi Toreskås Holta, overingeniør Bjørn Gunnar Steen og førsteamanuensis Erik Halvorsen.
Økonomisk er også lading av batteri gunstig. Det trengst ca. 25kWt energi for å ladeopp eit tomt batteri. Det tyder at å fylle opp ein full tank kostar ca. 25 kroner eller kr 1,56 per mil, fastslo juryen.
Miljøprisen på 5.000 kroner blei delt ut av rektor og direktør under inspirasjonsdagen for tilsette på Gullbring kulturhus i Bø tysdag.
På inspirasjonsdagen var det dei tilsette som underheldt kvarandre både med foredrag og pauseinnslag. Førsteamanuensis Mona Sæbø, førstelektor Runar Bakken og professorane Rune Bakke og Gerd Von der Lippe heldt kvart sitt foredrag der dei gav kollegaer ved andre studiestader eit innblikk i kva dei forskar på.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 17.06.2010