Ein høgskoleleiar går av

1. oktober sluttar høgskoledirektør Nils Røttingen sitt yrkesaktive liv etter 38 år i høgskolsystemet i Telemark. Han har lært mykje gjennom alle desse åra, seier han, men den viktigaste livsvisdommen fekk han i barneåra på småbruket heime i Hardanger.

Nils Røttigen
ikon zoom

Nils Røttingen har både undervist og vore rektor ved Telemark distriktshøgskole. Dei siste 17 åra har han vore høgskoledirektør for Høgskolen i Telemark. No har han valt å gå av med pensjon, men seier han vil følgje med på utviklinga av Høgskolen i Telemark.

Vi har oftast sett han tråvande og bestemt i høgskolens korridorar på veg til møte eller i møte, og heile tida med knappe fristar for oppgåveløysing for styret, Kunnskapsdepartementet og andre hangande over seg. Men 1. august gav han stafettpinnen vidare til HiTs nye leiing med rektor Kristian Bogen i spissen. Og i snart to månader har han hatt eit langt rolegare liv, som spesialrådgjevar for rektor.

Frå Røttingen starta ved Telemark distriktshøgskole (TDH) i Bø i 1973 og fram til i dag har han klatra oppover på karrierestigen. Dei første 10 åra arbeidde han som høgskolelektor/amanuensis og underviste og forska i engelsk språk. I 1983 fekk han opprykk til førsteamanuensis. I 1985 blei han vald rektor, eit verv han hadde i tre periodar (7 ½ år).

I juli 1994 blei han tilsett som høgskoledirektør ved Høgskolen i Telemark (HiT), som frå 1. august blei etablert gjennom fusjon mellom dåverande TDH, Telemark ingeniørhøgskole (Porsgrunn), Telemark lærarhøgskole (Notodden/Rauland/Drammen) og Telemark sjukepleiarhøgskole (Skien). Det skal òg seiast at han har blitt forsøkt ”henta” til fleire stillingar ved universitet og høgskolar i Oslo og i Bergen. Likevel har han blitt verande i Telemark.

- Føler du at du har forsaka noko i alle desse arbeidsåra?
- Som toppleiar kan ein til tider bli litt einsam. Eg har nok forsømt den tette kontakten eg hadde tidlegare med slekt og vener. Eg var òg aktiv i Venstre ei tid, mellom anna sat eg ein periode i Bø kommunestyre, men då eg blei vald som rektor, avslutta eg det partipolitiske arbeidet. Politisk interessert er eg framleis. Eg har òg alltid interessert meg for musikk – all sjangrar eigentleg, men særleg viser – den unike kombinasjonen av god tekst og flott melodi - og klassisk musikk – frå Bellman til Bach om du vil. Skjønnlitteratur har eg òg hatt mykje glede av. Alt dette er interesser eg sjølvsagt får betre tid til å dyrke no, i tillegg til at fridomen og fleksibiliteten gjev rom for fleire reiser, meir hytte- og friluftsliv, fleire konsert- og teaterbesøk, og ikkje minst oppdrag i den nære familien med barnebarna i sentrum.

Oslo blir den nye bustadadressa. Dit flyttar Røttingen saman med kona, etter lokketonar frå to søner, svigerdøtrer og seks barnebarn.

På den årlege inspirasjonsdagen for tilsette ved HiT i juni i år sette mange tilsette kaffien i halsen. Fleire hadde høyrt rykte om at den til vanleg så korrekte og kontrollerte direktøren hadde ei god songstemme, så då han kom på scenen iført skjerf i halsen og cowboyhatt, blei han møtt med trampeklapp. ”Dette har eg venta på i alle dei åra eg har jobba her”, ropte ein kollega frå Bø. Og songstemme hadde han saktens. Låtar av Johnny Cash og Elvis Presley blei sungne med klar og djup røyst og med ein engelsk diksjon som er dei færraste forunt.

- Eg har nok alltid likt å syngje og eg hadde tidleg ein draum om å utdanne meg til songar, slik ein av onklane mine hadde gjort, men eg la det til side mellom anna etter råd frå foreldra mine, fortel Røttingen.

Når han no tar eit tilbakeblikk på alle åra ved TDH og HiT, så er det den nære kontakten med dei gode og kloke kollegaene, møta med dyktige studentar, og samarbeidet med styret og representantar for Kunnskapsdepartementet og samfunns- og næringsliv som har gitt han den største gleda, og som han kjem til å sakne mest.

- Eg har heilt sikkert fått meir igjen av andre i desse åra, enn eg har makta å yte sjølv. Eg har alltid vore oppteken av at medarbeidarane mine skal trivast og få høve til å nytte ressursane sine fullt ut, men eg har kanskje ikkje alltid vore like flink til å gje uttrykk for det. Men eg har alltid gledd meg når medarbeidarar har lukkast og hatt det vondt når dei har slite med liva sine, seier direktøren. Og det er nok difor personalkonfliktar har vore den tyngste og vanskelegaste børa å bere for han i ei einsam toppleiarstilling.

Nokre menneske er ein institusjon i seg sjølv. Nils Røttingen kan nok seiast å ha vore ein slik person. Han er ein av dei lojale medarbeidarane som har blitt verande på same arbeidsplass - år etter år. Han er ein av dei første som kjem på jobb om morgonen og ein av dei siste som går frå kontoret om kvelden. Karrieren har han stort sett hatt ved TDH og HiT, om ein ser bort frå det eine året han arbeidde ved Gymnasklassane i Kvinnherad i 1972-1973.

Dessutan er han aldri sjuk. Eller han tillet seg ikkje å vere sjuk.

- Ja, eg har hatt ei uvanleg god helse. Eg har vel knapt nok vore borte frå arbeid gjennom desse 39 åra på grunn av helseproblem. Sånn sett har eg vore særs heldig og privilegert. Det er eigentleg underleg for sjukdom har det vore meir enn nok av i familien min elles, sier Røttingen ettertenksomt.

For det er ikkje slik at livet har vore lett og problemfritt for familien Røttingen – heller tvert om. Røttingen blei fødd i 1945 i Strandebarm i Hardanger. Han voks opp på eit småbruk med far, mor, tre søstre og besteforeldre. Han hadde eit ønske om å ta utdanning, og flytte heimefrå for å gå på Øystese statsrealskule og bu på hybel som 14-åring alt før han var konfirmert. Medan han var der, døydde faren brått og uventa. Tidlegare hadde han mist tre systrer, som alle var fødde med ryggmargsbrokk. Saman med mora, som òg hadde skrantande helse, hausta han då garden som 15-åring med noko hjelp av gode naboar.

Frå Øystese gjekk vegen vidare til Hordaland fylkeskommunale gymnas i Bergen, som han tok på to år på kveldstid, og deretter til Universitetet i Bergen, der han tok fransk mellomfag, nordisk grunnfag og engelsk hovudfag. Samla sett har utdanning og forsking vore ein stor og sentral del av Nils Røttingens liv gjennom 50 år.

- Desse åra har gitt meg mykje inspirasjon, mange gleder – og nokre søvnlause netter. Det har vore 50 år med utdanningsreformer som har omforma det norske samfunnet. Innan høgre utdanning har det vore ei utvikling frå eit sentralisert universitetssystem for dei få til eit desentralisert høgre utdanningssystem for dei mange. Denne utviklinga har gitt oss ei viktig sosial, økonomisk, geografisk og kjønnsmessig utjamning i samfunnet. For 50 år sidan var det ein kamp for å få plass i utdanningssystemet. No er det ein kamp for å få elevane og studentane til å fullføre utdanninga. Særleg er fråfallet i vidaregåande opplæring urovekkjande. Eg har sjølv lært svært mykje i utdanningssystemet og i arbeidslivet. Eg trur likevel at noko av det viktigaste lærte eg i barneåra av foreldre og besteforeldre heime i Hardanger: Du skal ta ansvar både for deg sjølv og dei omkring deg som treng det, du skal arbeide hardt og ta eigne ressursar og det du måtte ha av talent i bruk, du skal vere uthaldande og ikkje gje opp i motgang, du skal vere solidarisk med dei svake i samfunnet, og du skal vere til å stole på. Nokre av desse grunnleggjande verdiane har eg kanskje makta å leve opp til, men svikta har eg gjort mange gonger, meiner direktøren sjølv.

Sanninga er nok heller at Røttingen har lukkast godt i arbeidet sitt. HiT må kunne seiast å vere ein av dei mest veldrivne statlege høgskolane i landet. Dette kan Røttingen ta ein stor del av æra for når han no sluttar. Som administrativ leiar har han styrt skuta med ei svært stødig hand. Og for den innsatsen skuldar både tilsette og studentar, og sektoren samla sett, han ei stor og varm takk.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 24.09.2012