550 sider om folkemusikken og folkedansen i Numedal

Førstelektor ved Høgskolen i Telemark, Anne Svånaug Haugan, er forfattar og redaktør av den vel 550 sider store monografien om historia til tradisjonsmusikken i Numedal. Det er blitt eit imponerande verk.

Forsida av "Takt og tonar - soga om folkemusikken og folkedansen i Numedal"
ikon zoom

Historia til folkemusikken i Numedal heilt frå seinmiddelalderen er nå samla i eit omfattande bokverk.

Det store verket "Takt og tonar. Soga om folkemusikken og folkedansen i Numedal" spenner frå eldre tider med lite kjeldetilfang, over 1700-talet med strengt regulerte kongelege musikarprivilegium, over det blømande 1800-talet til nytida med gjenoppliving og nye organiseringsformer.

Anne Svånaug Haugan har dels vore forfattar med hovudvekt på 1700-talet, dels redaktør og samordnar av innsamla materiale som er tilrettelagt av ein bokkomité med utgangspunkt i Numedal spel- og dansarlag.

Soga byggjer på eit omfattande kjeldemateriale og er rikt illustrert. Replikkunst er høgt verdsett i folkemusikkmiljøet, og numedølane har dyrka denne kunsta til fulle. Soga byr på ei mengd anekdotar og gode historier på eigne ”lappar”

Anne Svånaug Haugan er sjølv utøvande musikar (hardingfele og kveding) og dansar og har publisert fleire arbeid om norsk folkemusikk, folkemusikkopplæring og musikkhistorie.

Prosjektleiar Kristian Hanto ved Høgskolen i Telemark har skrive ei omfattande melding av det nye bokverket. Han konkluderer med at boka i breidd og kjeldebruk blir eit referanseverk om folkemusikken og folkedansen i Numedal.

- Ho blir ikkje minst eit viktig utgangspunkt for dei mange spørsmåla til vidare studiar verket sjølv reiser, samstundes som boka vil eggje til mange nye spørsmål i stort og smått også hos lesaren, skriv Kristian Hanto i bokmeldinga si.

Utgjevar av boka er Folkemusikksenteret i Buskerud, og utgjevinga er støtta av Norsk kulturråd, Nore og Uvdal kommune, Rollag kommune og Flesberg kommune, samt Høgskolen i Telemark.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 18.07.2012