Ikkje fusjon HiT-UiA ennå

Det er ikkje grunnlag for å ta stilling til fusjon nå, konkluderer styringsgruppa for den store utgreiinga om dette spørsmålet. Men den meiner det er stort potensial for fagleg vekst og utvikling ved ei nærare tilknytning mellom Universitetet i Agder og Høgskolen i Telemark.

Illustrasjonsbilde
ikon zoom

Styringsgruppa skisserer to vegar vidare:

  1. Eit nærare institusjonalisert samarbeid, der det blir oppretta eit samarbeidsorgan med fullmakter frå de to styra, og der det blir sett i gang konkrete samarbeidsprosjekt innanfor både fagleg og administrativ verksemd. Prosjektet blir evaluert etter tre år, og institusjonene tek etter det stilling til den vidare prosessen.
  2. Ei nærmare utgreiing bl.a. av mulege organisasjonsmodellar og modellar for styring og leiing. Først når dette er klarlagt, tek de to styra stilling til om prosessen skal bli ført vidare med sikte på fusjon eller andre samarbeidsmodellar.

Styringsgruppa for utgreiinga består av leiinga ved dei to institusjonane pluss representantar for fagforeningane og studentorganisasjonane.

Høyringsrunde

Utgreiinga blir nå sendt på høyring der det blir innhenta synspunkt både internt i institusjonane og frå eksterne interessentar. Her vil det også bli høyringsmøte i tillegg til skriftlege høyringsutaler.

Etter høyringsrunden vil dei to styra behandle saka i juni.

Det er ei omfattande utgreiing som er lagt fram, med eit stort tilfang av faktaopplysningar.

Rapporten går bl.a. inn på utviklinga i universitets- og høgskolesektoren internasjonalt og nasjonalt, på arbeids- og næringsliv i dei tre fylka.

Rapporten legg særleg vekt på den faglige og administrative verksemda i de to institusjonane, og med vurderingar av mulegheiter og utfordringar ved tettare tilknytning,

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 08.04.2011