Studentkamp i Solgt!
Det er duka for studentduell i NRKs eigedomsserie Solgt! torsdag 20.oktober. Meklarstudentar frå meklarutdanninga ved Høgskolen i Telemark konkurrerer mot studentane frå meklarlina på BI. Kven klarer å tippe pris på eit småbruk på 140 mål som strekker seg over tre øyer?
- Mange røynde meklarar har fått store utfordringar med å prise objekt når vi har tatt dei med utanfor sine eigne område. Difor meinte vi det var spanande å sjå korleis det går når vi gjer det same med den unge generasjonen meklarar som er nyutdanna, fortel programleiar Frode Søreide i Solgt!
Studentane overraska
Opptaket til serien blei gjort tidleg i september, og det var tredjeårsstudentane Frode Bergheim Koppergård og Anne Mari Skogstad som deltok frå Høgskolen i Telemark. Dei skulle konkurrere mot to studentar frå meklarutdanninga til BI i Oslo.
- Det var mange i redaksjonen som blei overraska over at studentane klarte seg betre i pristippinga samanlikna med dei andre deltakarane som har vore med i programmet, seier HiT-student Bergheim Koppergård. Han vil ikkje avsløre korleis det gjekk, for det kan du sjå på NRK 1 i morgon kl. 20.15.
Studentane blei sende til Kristiansund – eit område dei har lite kjennskap til frå tidlegare. Eitt av objekta meklarane måtte prøve å tippe pris på, var eit gamalt småbruk som strekker seg over tre øyer heilt yst i havgapet på Averøy. Der var det ikkje mindre enn 140 mål tomt.
Saknar Bø
Høgskolen i Telemark starta med eigedomsmeklarutdanning i 2007 og braut dermed Handelshøyskolen BI sitt monopol på eigedomsmeklarutdanning. I dag er eigedomsmeklarutdanninga ved HiT det mest søkte studiet ved høgskolen.
- Eg har hatt svært stor nytte av utdanninga. Fag som jus, praktisk eigedomsmeklarfag, delskatt og oppgjer brukar eg dagleg. Men det er mykje psykologi i faget, seier Bergheim Koppergård. Anne Mari Skogstad er samd.
- Eg likte meg utruleg godt i Bø. Eg saknar studentmiljøet, og det vart rart å ikkje skulle dra til Bø no i haust, seier Anne Mari.
Anne Mari Skogstad har fått seg jobb som eigedomsmeklar i Terras meklarkontor på Gjøvik. Bergheim Koppergård jobbar i dag som eigedomsmeklarfullmektig i Nordvik&Partners Bygdøy Allé.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 19.10.2011
Eksterne lenker