Telemark får si eiga historie

- Få fylke har ei meir spennande og interessant historie enn Telemark. Telemark er mellom anna det einaste fylket i Noreg som er eit merkenamn, seier professor Olav Rovde ved Høgskolen i Telemark. No skal fylket ut i bokform.

ikon zoom

Arbeidet med å skrive tre store band om Telemark sin historie frå dei eldste tider og fram til i dag er i gang. Dette kartet av Telemark er publisert i Amsterdam i 1640-åra. Det er førebudd av biskop i Stavanger som laga ei skisse, men han hadde ikkje kunnskap om Telemark - som her er eit kvitt område.

Mange regionar har fått regionshistoria si i trykk. No er det Telemark sin tur.

I desse dagar startar Høgskolen i Telemark og Telemark fylkeskommune arbeidet med å forfatte tre store band om Telemarks historie frå dei eldste tider og fram til i dag.

- Telemark er spesielt. Kvart år køyrer folk Telemark, hopparane landar med telemarksnedslag. I tillegg var Telemark eit viktig besøksområde for turismen som starta på 1800-talet. Folk, mange frå utlandet, søkte inn mot fjella og det mystiske, uoppdaga Telemark, fortel Rovde som er redaktør for bokprosjektet.

Bokprosjektet har som målsetjing å lage eit verk på til saman tre band – bygd opp i ein samanhengande kronologi. Første band vil omfatte tida fram til ca. 1800/1814. Det andre bandet vil grovt sett omfatte 1800-talet og det tredje 1900-talet fram til våre dagar. Verket vil bli rikt illustrert og med eit godt samspel mellom tekst og illustrasjonar.

Bygde- og kystkulturen
Skilja og kontrastane har prega Telemark sidan mellomalderen og har mellom anna ført til at dei øvre bygdene har utvikla ein heilt annan kultur enn dei nedre kystbygdene. Dei øvre bygdene hadde kontakt vestover og sørover, dei nedre hadde sjøverts kontakt utover til andre land. Men Telemark hang saman, politisk og administrativt sjølvsagt, men etter kvart også økonomisk.

- Merkenamnet” Telemark", som er vel etablert i mange samanhengar, er i første rekkje knytt til kulturen i dei øvre bygdene, til det som er kalla det opp­havlege Telemark. Frå 1919 vart Telemark nemning på heile fylket – som før det heitte Bratsberg amt. Det er også ei sjølvsagt målsetning for verket å dekkje heile Telemark, også den nedre delen og kystkulturen, seier Rovde.

Finansiering og leiing av prosjektet
Verket har eit budsjett på vel 12 millionar kroner. Telemark fylkeskommune har gjennom Telemark utviklingsfond og Telemark interkommunale næringsfond gitt 7,5 millionar kroner til saman. I tillegg har prosjektet fått 135 000 frå Bø sparebank, 100 000 frå Skien kommune og 100 000 frå Telemark historielag. Høgskolen i Telemark og musea yter indirekte tenester.

Det er oppretta ei styringsgruppe for prosjektet der tidlegare fylkesvaraordfører Lars Bjaaland er valt til leiar. I redaksjonsutvalet og blant forfattarane finn vi Olav Rovde, Ellen Schrumpf og Nils Ivar Agøy frå HiT, Øystein Rian frå Universitetet i Oslo og Ingvar Skobba frå Telemark historielag . Ei rekkje andre forfattarar vil bidra med artiklar i kvart band.

Fredag 4. november samlast forskarane til eit avsparkseminar om bokprosjektet. Då vil pressa og publikum få vite meir om innholdet i dei tre banda.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 03.11.2011