Tok 2. plass med ”Heavy metal of Norway”
HiT- student Magnus W. Risinggård tok ein velfortent 2. plass i produktkonkurransen "Morgendagens helter” i regi av Statoil og Norges Husflidslag. Juryen meinte at Magnus sin lysestake i smijern og tre var både rå, frekk og sterk.
Lysestaken fekk namnet ”Heavy metal of Norway” og det handlar ikkje om tungrock, men om den massive vekta på heile seks kilo.
- Lysestaken er 62 cm høg. Den har ein massiv jernklump nedst som er kledd med treverk. Treverket er børsta og det gjev staken eit grovt og røft utsjåande. Den vil nok ”freshe” veldig opp i eit hus med klassisk bondeinteriør, men vil også passe godt i ei moderne leilegheit, trur HiT- studenten.
Asker-guten har bakgrunn som møbelsnikkar. Han har studert eitt år med trearbeid på Institutt for folkekultur i Rauland og går no folkekultur 2, med fordjuping i metall.
For 2. plassen får han 25.000 kroner. Produktet skal også visast på utstillinga "Morgendagens heltar" under Vinterfestivalen på Hadeland Glassverk 4.-26. februar.
Statoil og Norges Husflidslag har stått bak konkurransen der målet har vore å lage noko nytt i det gamle - eller noko gammalt i det nye. Studentane skulle la seg inspirere av norsk husflid, handverktradisjonar, handarbeid og kulturhistorie.
Industridesignar Johan Verde var mentor for konkurransen og for studentane som deltok. Det var berre studentar ved HiT-Rauland og Høgskolen i Oslo og Akershus som deltok. Totalt kom det inn 41 bidrag.
- Det har vore utruleg spennande og lærerikt. Verde har ein annan måte å tenkje på og han kom med gode tips. Heile prosessen frå idéutvikling, forkasting, til endeleg resultat har teke ein månad. Eg gav vel litt opp mot slutten, men tenkte at eg får gjere så godt eg kan, avsluttar Magnus.
Og no blir det prisoverrekking på Hadeland glasverk den 4. februar.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 25.01.2012
Eksterne lenker