Internasjonal dag i Porsgrunn
Smaksprøver, bilder, videoar og musikk frå heimlandet sto på programmet da dei internasjonale studentane ved studiestad Porsgrunn tysdag arrangerte Interrnasjonal Matfestival.
Høgskolen i Telemark har studentar frå mange land. Nå var det studentar frå India, Irak, Iran, Kina, Nepal, Nigeria, Pakistan, Sri Lanka og Ukraina som presenterte og serverte informasjon, musikk og lekre smaksprøver.
Mange av HiT sine øvrige studenter og tilsette nytta høvet til å bli betre kjende med dei internasjonale studentane og smake på matrettene fra de ulike landa.
Tre fakultet hadde òg stands der nåverande studentar kunne få informasjon om utvekslingstilbod. HiT har samarbeidsinstitusjonar i mange land, og høgskolen legg til rette for at studentar som ønskjer det skal kunne få eit utvekslingsopphald i utlandet i løpet av graden sin.
Det knytta seg òg stor spenning til kven som ville vinne fotokonkurransen der ”mitt internasjonale øyeblikk” var tema. Fem finalefoto konkurrerte om første- og andrepremie på henholdsvis 1000 og 500 kroner.
Det kom inn mange stemmer frå studentane på beste foto, og vinnaren blei N.W.M.Sithara Dayarathna, masterstudent i Process Technology. Andrepremien gjekk til Rune Holm, bachelor i bygg-Y-vei (Bilde 2). Deshaka Ayasmantha Kottage ble trukket ut blant de som stemte og får en premie på 500 kroner.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 25.01.2012