Engelsk

søk her
Vi er omgjevne av engelsk språk og kultur, og engelsk er det mest nytta språket i global kommunikasjon. I framtida vil solide engelskkunnskapar vere ein sjølvsagt og naudsynt føresetnad på dei fleste felt i arbeidslivet. Engelsk årsstudium er dermed ei grunninvestering i framtida. Her får du ei brei innføring i engelskspråkleg litteratur og kultur frå heile verda, og god innsikt i strukturane til det engelske språket.
ikon zoom

Du vil møte litteratur frå ulike periodar, sjangrar og geografiske område, og gjennom ei praktisk og teoretisk tilnærming vil du betre evna di til skriftleg og munnleg bruk av språket.

Arbeids- og undervisningsformer inkluderer både forelesingar, seminar, munnlege framlegg og innleveringar. Du får høve til å bli ekstra godt kjend med engelsk språk og kultur gjennom eit opphald på to veker ved Det norske studiesenteret i York.

Det blir lagd vekt på korleis faget blir nytta i undervisnings- og formidlingssamanheng.

Du kan ta enkeltemne frå studiet i både haust- og vårsemesteret.

Du kan lese meir om studiet i studieplanen.

 
Hva kan du bruke dette studiet til

Studiet gjev deg solide engelskkunnskapar, noko som er stadig meir etterspurd i arbeidslivet.

Studiet gjev deg kompetanse til å undervise i engelsk i grunnskolen og i vidaregåande skole. Årsstudiet vil elles gi eit godt grunnlag for yrke der det vert stilt kompetansekrav innan engelsk, som til dømes i:

  • - reiselivsbransjen
  • - media
  • - internasjonalt arbeid
  • - omsetting og tolking
  • - forlagsverksemd
  • - bibliotek- og arkivarbeid
  • - informasjonsformidling i privat og offentleg sektor
  • - ymse oppgåver i næringslivet og offentleg forvaltning

Årsstudiet i engelsk inngår i Bachelor i humanistiske fag, og kan innpassast i andre bachelorgrader

 

Publisert av Helle Friis Knutzen - 04.01.2013