Spanskstudium i Costa Rica med StudyAmericas

Institutt for kultur- og humanistiske fag tilbyr fyrstesemesters spansk i to variantar i Costa Rica.

Nybyrjar eller litt trena?

I samarbeid med StudyAmericas tilbyr instituttet to parallelle studieprogram i spansk i Costa Rica. Begge varar eitt semester. Spansk I passar for søkjarar utan forkunnskapar, og Spansk II for søkjarar med gjennomført innføringsemne i spansk frå universitet eller høgskule, eller spanskkunnskapar tilsvarande B/C-språk frå vidaregåande skule. Undervisninga skjer ved eit studiesenter med lang erfaring i å undervise i spansk som framandspråk. Senteret blir også nytta av studentar frå mange andre universitet i Europa og Nord-Amerika.

Spansk I (for nybyrjarar)   Spansk II (studentar med forkunnskapar)
2300 Innføring i Spansk 15 stp   2303 Praktisk spansk I 15 stp
2303 Praktisk spansk I 15 stp   2301 Spansk språk og kultur 15 stp

Undervisninga skjer i grupper på maksimalt 6 studentar, og er intensiv. Ekskursjonar og kulturell læring utanom språkinnlæringa er del av opplegget.

Sjå studieplanane her.

Søknadsprosess

ikon zoom

Interesserte søkjarar tar kontakt med StudyAmericas og fyller ut påmeldingsskjema. Deretter vil alle få informasjon om korleis den vidare prosessen med opptak ved Høgskolen i Telemark er. Generell studiekompetanse er ein føresetnad for opptak. Krava til generell studiekompetanse kan du lese meir om her.

Påbygging til årsstudium ved HiT

Det vil bli lagt til rette for at studentar med gjennomført semester ved studiesenteret i Costa Rica kan halde fram med påbygging til 60 stp i Spansk og latinamerikansk språk og kultur ved Fakultet for allmennvitskaplege fag, studiestad Bø.

Ansvarlig for nettsiden Kristian Ihle Hanto - 30.04.2013