Ånon Egeland
Høgskolelektor
Ånon Egeland har vore folkemusikkpedagog på heiltid sidan 1988, først ved folkemusikklinja på Fagernes vidaregåande skule og sidan 1999 ved folkemusikkstudia i Rauland. Han har dessutan lang røynsle som kurshaldar i det frivillige musikklivet og gjesteføreleser jamleg ved høgare musikkutdanningsinstitusjonar i Norden og Europa elles.
Hovudinstrumenta er fele og hardingfele, men Ånon trakterer mange andre musikkinstrument òg, m.a. munnharpe og ulike fløyter. Læremeistrane hans tel ei rekkje sentrale, eldre tradisjonsberarar, først og fremst frå Agder. Musikken etter desse har Ånon dokumentert grundig, både gjennom lydopptak, noteoppteikningar og eigne fonogram. Han har vore aktiv freelance-musikar siden midten av 1970-talet, med ei lang rekkje konsertar på fire kontinent bak seg. Etter den første plateutgjevinga i 1977, har det blitt ytterlegare eit dusin fonogram der han spelar ei sentral, musikalsk rolle. Han fekk ”Spellemannprisen” i 1977 og er seinare nominert to gonger til same pris (1982 og 1990).
Ånon har si formelle musikkutdanning frå UiO, med nordisk og folkeminnevitskap som støttefag. Ved folkemusikkstudia i Rauland underviser han både i teoretiske fag (tradisjonskunnskap, satslære/arrangering, etnomusikk) og praktiske fag (instrumentundervisning, ensemblespill).
Telefon: 35 95 29 12
Setralbord: 35 95 29 00
Telefaks: 35 95 29 01
Mobil: 95 03 32 18
anon.egeland@hit.no
Ansvarlig for nettsiden Rudolf Camerer, sist oppdatert av Rudolf Johannes Camerer - 20.06.2011