Anne Margit Barstad
Førstesekretær
Anne Margit er den du møter først enten du ringer eller besøker Institutt for folkekultur.
Anne Margit arbeider på instituttkontoret som også er ekspedisjon og sentralbord.
Ho kan hjelpe deg med å finne fram til rett person, finne plass å bo på Rauland, orientere om studia, om timeplan og om undervisningsromma her. Ho arbeider med studentopptak, eksamenavvikling, semesteravgift, lån og liknande.
Ho har ein liten butikk på sitt kontor der ho sel teiknesaker, brodergarn, pensumbøker til folkemusikk og folkekunst, musikk på CD, datakasettar, noteblokkar og mykje meir.
Anne Margit er interessert i både kunst og musikk og er sjølv utdanna formingslærar.
Telefon: 35 95 29 00
Telefaks: 39 95 29 01
anne.m.barstad@hit.no
Ansvarlig for nettsiden Rudolf Camerer, sist oppdatert av Rudolf Johannes Camerer - 18.02.2013