Frode Nyvold

Fyrstelektor

Frode Nyvold

Cand.Polit. Frode Nyvold har vore tilsett ved folkemusikkstudiet sidan hausten 1986. Han har sosialantropologi hovudfag frå Universitetet i Oslo.
I tillegg til å arbeide med norsk tradisjonsmusikk har han gjort feltarbeid mellom anna i Frankrike og Ungarn. Musikk, identitet og kommunikasjon har vore teoretiske hovudtema i feltarbeid og skriftlege arbeid.

Nyvold har vore utøvande musikar sidan 60-talet med konsertverksemd i Noreg og i utlandet og har medverka på fleire fonogram produksjonar, m.a. CD´en ”Skjemt og sjanti” som vart nominert til spelemannsprisen 1998. Han er no medlem av den fransk-britisk-norske gruppa "5 men in a boat".

Ved folkemusikkstudiet underviser han i song og torader og har kulturpolitikk og kulturhistorie som teoretiske hovudemne.

Han har vore koordinator for Nordplus-nettverket ”Nortrad”, eit nettverk for dei nordiske folkemusikkutdanningane, og har no andre oppgåver innanfor internasjonalt arbeid ved instituttet.

Telefon: 35 95 29 17
Sentralbord: 35 95 29 00
Telefaks: 35 95 29 01
Mobil: 97 54 25 06
frode.nyvold@hit.no

Ansvarlig for nettsiden Rudolf Camerer, sist oppdatert av Rudolf Johannes Camerer - 20.02.2013