Mari Rorgemoen

Fyrstelektor

Mari Rorgemoen

Mari Rorgemoen har vore tilsett ved Folkekunststudiet sidan starten i 1984. Før det arbeidde ho 10 år som lærar i folkehøgskole som teikne- og tekstil-lærar.

Av utdanning har ho tekstilfag frå Kunsthandverksskolen i Bergen, faglærar i forming frå Telemark Lærarhøgskole, og hovudfag ved Høgskolen i Telemark.

Ved Folkekunststudiet undervisar ho i tekstile handverk som vev, saum, broderi, farging, stofftrykk, og i tekstilhistorie - med vekt på norsk tradisjon.

Ho har skrive "Skjorter til folkedrakt og bunad i Vest Telemark - kontinuitet og endring i utforming gjennom 200 år". (FOU rapport, 2000). I tillegg har ho skrive artiklane: Skapande arbeid- rekonstruksjon av element til ein brurebunad (Rapport Nr 21/ 2006 ved Åbo Pedagogiske fakulteten) og: Folkekunst i tekstil utdanning - kva har skjedd med tradisjonelle formelement i institusjonell vidareføring? (Techne serien Forskning i slöjdpedagogik och slöjdvetenskap A: 12/2008).

Pågående forskning

Telefon: 35 95 29 16
Sentralbord: 35 95 29 00
Telefaks: 35 95 29 01
mari.rorgemoen@hit.no

Er varamedlem i det statlege oppnemnde Bunad- og folkedraktrådet (BFR).

Ho har vore med og starta handverksbedriftene Beatrixe Vev i 1968 og Telemark Strikk i 1987.

Ansvarlig for nettsiden Rudolf Camerer, sist oppdatert av Rudolf Johannes Camerer - 19.08.2011