Examen philosophicum og examen facultatum

søk her
Studiet er et todelt grunnstudium. Kvar del kan tas kvar for seg, uavhengig av den andre. Studiet har ein førebuande karakter og kan være nyttig å ta tidlig i studielaupet.
ikon zoom

Ved dette studiet skal studentane kunne utvikle evna til å nærme seg faglege tema og problemstillingar på ein meir sjølvstendig og systematisk måte.

Examen philosophicum er ei innføring i filosofi- og vitskapshistorie og i etisk tenking. Studiet tar opp grunnleggande problemstillingar om røyndom, vitende, og menneskets tilvære og knyt slike problemstillingar til den faglege og vitskaplege tenkemåte som pregar Vestens tenking.

Examen facultatum er ei innføring i vitskapsfilosofi, forskingsetikk og problemstillingar i tilhøve til vitskap og samfunn. Studiet tar opp problemstillingar som er felles for vitskap generelt, samtidig som det blir lagt vekt på ulike fagdisipliners eigenart. Det gir vidare ei innføring i forskingsetiske tema og problemstillingar og problemstillingar knyta til tilhøvet mellom vitskap og samfunn.

Normalt går Ex.phil. i haustsemesteret og Ex.fac. i vårsemesteret og kan derfor inngå som ein del av eit studieopplegg. Undervisninga vil vanlegvis være på ettermiddagstid ein eller to gonger i veka, og kan derfor også passe for deltidsstudentar.

Meir informasjon finn du i studieplanen.

 
Hva kan du bruke dette studiet til
ikon zoom

Ex. phil og Ex.fac er normalt et krav i bachelorgrader ved universitet og høgskuler.

 

Publisert av Helle Friis Knutzen - 03.02.2012