Forfattarstudium

søk her
Forfattarutdanninga er eit samarbeidstiltak mellom Høgskolen i Telemark og Den norske forfatterforening. Rune Christiansen har hovudansvar for studiet. Mange av dei mest erfarne forfattarane i Noreg føreles på forfattarstudiet, og fleire av dei har vore studentar ved den kunstfaglege forfattarutdanninga ved høgskolen.
Bilde av forfatterstudenter
ikon zoom

Forfattarutdanninga er sett saman av tre delar som går parallelt gjennom heile studiet:

  • Skriveverkstad: Praktiske skriveøvingar, tekstanalyse, og arbeid med eigne litterære prosjekt innanfor ulike sjangrer.
  • Litteraturteori: Førelesingar, litterær analyse, innføring i sentrale verk.
  • Seminardel: Frittståande seminar av varierande lengde.

Det skapande arbeidet, “litteraturproduksjonen”, med påfylgjande drøftingar og analyse, har ein sentral plass i studiet. Seminar- og teoridelen skal gje perspektiv på dette arbeidet, samt kunnskapar om dei meir praktiske sidene ved forfattaryrket.

Studieåret skal vere ei tid for prøving, refleksjon, og innhenting av kunnskap knytta til skjønnlitterær praksis – kunnskap som ein elles må hente frå fleire ulike fagdisiplinar innan humaniora. Ved forfattarstudiet vonar vi å føre desse saman og styre det medvetne arbeidet og den skapande prosessen.

Meir informasjon finn du i studieplanen.

 
Hva kan du bruke dette studiet til
ikon zoom

Forfatterutdanningen er eit tilbod til alle som vil bli medvetne om sitt forhold til skjønnlitterær skriveverksemd. Studiet har òg ein fagprofil som passar godt for dei som kan tenkje seg arbeid innan pedagogikk, forlag og media. Studiet kan, etter søknad, gå inn som ein del av ein bachelorgrad ved universitet og høgskolar.

 

Publisert av Eline Flesjø - 26.03.2012