Historie, årsstudium

søk her
ikon zoom

Studentar og lærarar omkring år 1300

Vil du forstå meir om kvifor verda er som den er, om krig og fred, religion og politikk?

Velkommen som historiestudent i Bø!

Korleis og kvifor forandrar samfunn seg? Kvifor gjekk Romerriket under? Kvifor er det krig i Midtausten? Kvifor gjekk Sovjetunionen i oppløysing, kva har det å seie at USA no er verdas eineste supermakt og kor lenge vil det vare? Kva slags kontroll har kyrkje og stat hatt over folks seksualvanar og ekteskap? Er innvandring til Noreg eit nytt fenomen?

Som historiestudent får du innsikt i vår tid ved å studere fortida. Historiestudiet er ei reise i tid og rom. Du får kunnskap om familien, lokalsamfunnet, klasser, nasjonar og globalhistorie. Innsikt i historia kan knuse myter og er eit naudsynt grunnlag for å ta del i samfunnsdebatten.

Meir informasjon om årstudium i historie finn du i studieplanen.

Du kan og ta ein bachelor i historiska fag ved Høgskolen i Telemark:

Bachelor i humanistiske fag

Her inngår årsstudium om verdshistorie (haust) og norsk historie (vår). Det omfattar både oversiktskurs som gir overblikk over «dei store linene» frå antikken og fram til i dag, og spesialiseringsdeler som tillet nærstudiar av mindre temaer.

Vår påbygging er 30 studiepoeng i nordisk historie – eit tilbod vi er aleine om i Noreg.

Med bachelor i historie kan du gå vidare til eit masterstudium. Ved HiT kvalifiserer historie-bachelor til masterstudiet i kulturstudiar.

 
Hva kan du bruke dette studiet til
ikon zoom

Den norske Gulatingsloven gir innblikk i rettsoppfatninger og fattigomsorg i middelalderen: Kom en frigitt trell og hans kone i nød, da var de «gravgangsmenn»: «En skal grave grav på kirkegården og sette dem i den og la dem dø der. Herren deres skal ta opp den av dem som lever lengst og fø ham siden.»

Historie passar godt inn i ei lærerutdanning. Faget høver også godt saman med mediefag, t.d. journalist­utdanning. Saman med andre samfunnsfag, andre kulturfag eller økonomiske fag kan historiefaget gi arbeid innafor offentleg og privat administrasjon og i organisasjonar. Går ein vidare til mastergrad i historie, får ein ei utdanning som kan brukast m.a. i undervisning på høgre nivå, arbeid i museum, arkiv m.v.. Forskarutdanning i historie byggjer på mastergrad.

 

Publisert av Helle Friis Knutzen - 02.02.2012