Kultur - arrangering, formidling og forvaltning, Bachelor
I det første året får du grunnleggande kunnskap om kulturanalyse, kunst- og kulturhistorie, kulturpolitikk og fleirkulturell forståing. Du får også øving i å skrive og publisere informasjon elektronisk.
I det andre året står formidling og arrangering i fokus. I tillegg til de obligatoriske emna Kulturvern og Kulturformidling for barn og unge, vel du her det du vil fordjupe deg i:
- Musikkformidling
- Kunstformidling
- Filmformidling
Studentane deltek i planlegging og gjennomføring av seminar om faglege eller kulturpolitiske emne. Det andre året blir det også arrangert ein studietur i Norden.
Det tredje året er det fokus på kulturforvaltning, med planlegging, økonomi og marknadsføring. Dette året gjennomfører du og eit feltarbeid ved ein kulturinstitusjon og skriv ein rapport i etterkant. Dette er ei erfaring framtidige arbeidsgjevarar set pris på. På tredje året kan studentane også delta på seminar innan Kulturprodusentnettverket i Nordplus, anten i Helsingfors, Stockholm eller Bø.
Du blir ikkje spesialist ved å ta dette studiet, men du kan brukast til mange oppgåver i kultursektoren. Det er styrken vår. Det viser også merittlistene til dei som har studert kultur i Bø. Dei gjer seg gjeldande innan fleire fagfelt og er ikkje så avhengige av å sikte seg inn mot bestemte nisjer i kulturfeltet. Skulle du ønske å spesialisere deg, har høgskolen eit stort utval emne som kan kombinerast med kultur: historie, språkfag, reiseliv, økonomi og marknadsføring for å nemne nokre. Studiet har og eit kulturelt kontaktnett som vi trekker vekslar på i undervisninga.
Mer informasjon om innholder finner du i studieplanen.
Studiet gjer deg kvalifisert for arbeid innan kulturformidlingsinstitusjonar, festivalar, offentlege kulturadministrasjonar, friviljuge organisasjonar, kulturtiltak for barn og unge, kulturbygg og liknande. Studiet kvalifiserer til opptak på masterstudium i kulturstudier.
Kontaktperson: Geir Grothen, e-post: geir.grothen@hit.no
