Kultur - arrangering, formidling og forvaltning - Kandidat
I det fyrste året får du grunnleggande kunnskap om kulturanalyse, kunst- og kulturhistorie, kulturpolitikk og fleirkulturell forståing. Du øver også opp ferdigheitene i å skrive akademisk og publisere informasjon elektronisk.
I det andre året er det hovudvekt på formidling og arrangering. I tillegg til dei obligatoriske emna Kulturvern og Kulturformidling for barn og unge, vel du her det du vil fordjupe deg i:
- Musikkformidling
- Kunstformidling
- Filmformidling
Studentane deltar i planlegging og gjennomføring av seminar om faglege eller kulturpolitiske emne. Det andre året blir det også arrangert ein studietur i Norden.
Du blir ingen spesialist ved å ta dette studiet, men du kan brukast til litt av kvart. Det er styrken vår. Det viser også merittlistene til dei som har studert kultur i Bø. Dei gjer seg gjeldande innan fleire fagfelt og er ikkje så avhengige av å sikte seg inn mot bestemte nisjer i kulturfeltet. Skulle du ønske å spesialisere deg, har høgskolen fleire emne som kan kombinerast med kultur: historie, språkfag, reiseliv, økonomi og marknadsføring for å nemne noen. Studiet har også eit kulturelt kontaktnett som vi trekker vekslar på i undervisninga.
Meir infromasjon finn du i studieplanen.
Kva kan du bruke dette studiet til
Studiet kan vere ein del av ein disiplinretta bachelorgrad ved universitet og statlege høgskular. Saman med eit humanistisk eller samfunnsvitskapleg årsstudium kan det 2-årige studiet vere grunnlag for opptak til masterstudiet i Kulturstudier.
Kontaktperson: Geir Grothen, tlf. 35 95 26 51
