Kultur - arrangering, formidling og forvaltning (fordjuping)

søk her
Dette er fyrst og fremst eit tilbod til deg som alt har anna relevant utdanning eller yrkeserfaring frå kultursektoren.
ikon zoom

Studiet er likt med siste året i bachelorstudiet Kultur - arrangering, formidling og forvaltning.

Haustsemesteret har fokus på kulturforvaltning, med planlegging, økonomi og marknadsføring.

Vårsemesteret gjennomfører du eit feltarbeid ved ein kulturinstitusjon og skriv ein rapport i etterkant. Dette er ei erfaring framtidige arbeidsgjevarar set pris på. Dette året kan studentane også delta i eit seminar innan Kulturprodusentnettverket i Nordplus, anten i Helsingfors, Stockholm eller Bø.

Meir informasjon finn du i studieplanen.

 
Hva kan du bruke dette studiet til

Studiet kvalifiserer for arbeid innan kulturformidlingsinstitusjonar, festivalar, offentleg kulturadministrasjon, frivillige organisasjonar, kulturtiltak for barn og unge, kulturbygg og liknande. Studiet vil, som ein del av ei bachelorgrad, gjere deg kvalifisert til opptak på masterstudiar i Kulturstudiar.

ikon zoom

Kontaktpersoner:

Fagkoordinator Geir Grothen, geir.grothen@hit.no, tlf. 35952651

Studieveileder: Eline Flesjø, eline.flesjo@hit.no, tlf. 35952707

 

Publisert av Eline Flesjø - 12.04.2012