Kulturstudiar, master

søk her
Kva er master i kulturstudiar?

Kultur er nøkkelen til å forstå moderne samfunn og korleis personar med forskjellig kulturell, etnisk og religiøs bakgrunn kan leve saman i ei globalisert og flerkulturell tid. Kultur samlar folk i sosiale og nasjonale fellesskap, men samtidig er det kultur og kulturforskjellar som skil oss frå kvarandre og skapar konfliktar av forskjellig slag. Masterstudiet gir deg ein nøkkel til å forstå moderne samfunn, og du får kunnskap til å kunne gjennomføre komplekse analysar av samtidskulturen. Det gjeld både historiske og kvardagskulturelle fenomen som er betinga av etnisitet, alder og kjønn m.m. Du vil også kunne gjennomføre analysar av kunst og medier.


Målet med det 2-årige masterstudiet i kultur er at du får:

  • evne til å arbeide tverrfagleg og kritisk med kulturelle fenomen i fortid og nåtid
  • teoretisk og empirisk, historisk og aktuell forståing av moderne kultur, forstått både som den breie kvardagskulturen og som folkekultur, finkultur og massekultur
  • reiskapar til å analysere konfliktar og motsetningar i seinmoderne samfunn
  • kjennskap til barne- & ungdomskultur
  • kjennskap til moderne formidlingsformer og sosiale medier
  • evne til å forstå og forvalte både kulturarven og kulturelle fenomen i ei global og mediert tid
  • innsikt i kulturpolitikk, administrasjon og forvaltning av kunst- og kulturinstitusjonar
  • høve til å utvikle eigne interesser og spesialisere deg i arbeidet med masteroppgåva
ikon zoom

Masterstudiet i kulturstudiar er særleg aktuelt for studentar med humanistiske eller samfunnsvitskapelege fag eller tverrfaglege/tverrfakultære kulturstudiar i bachelorgraden, for eksempel lærarutdanning og andre profesjonsstudier.

I tillegg til studentar som går rett frå fullført bachelorgrad, rettar studiet seg også mot søkarar med yrkeserfaring, for eksempel kulturentreprenørar, og tilsette i media og offentlege og private kulturorganisasjonar. Studiet eignar seg også som etterutdanning, blant anna for lærarar og tilsette i offentlege og private institusjonar som arbeider med kulturfaglege problemstillingar.
Det blir lagt stor vekt på at du skal arbeide kritisk og sjølvstendig.

Heiltidsstudium
Det vanlege er å ta master i kultur som heiltidsstudent over to år med faste forelesingar og seminar i løpet av kvart semester. Det blir lagt vekt på å skape eit godt studiemiljø med nær kontakt mellom studentane og mellom forelesarar og studentar. Undervisninga foregår i form av forelesingar og seminar, med aktiv bruk av digitale hjelpemiddel (Fronter, epost, powerpoint-presentasjonar m.m.).

Deltidstudium
Det blir også lagt til rette for å fullføre studiet som deltidsstudent over fire år. Ein god del av forelesingane blir felles for heiltid- og deltidsstudentane, med forskjellig studieprogresjon. For deltidsstudentane blir det i tillegg arrangert nokre samlingar som også heiltidsstudentane kan følgje.

Det vil variere korleis ein vil legge opp studieløpet, men under følgjer eksempel på deltidstudium over fire år:

1. semester: Innføringsemne (20 stp)
2. semester: Fordjupingsemne (10 stp)
3. semester: Metode (10 stp) og arbeid med masteroppgåva (5 stp)
4. semester: Fordjupingsemne (10stp) og arbeid med masteroppgåva (5 stp)
5. semester: Arbeid med masteroppgåva (15 stp)
6. semester: Fordjupingsemne (10 stp) og arbeid med masteroppgåva (5 stp)
7. semester: Arbeid med masteroppgåva (15 stp)
8. semester: Arbeid med masteroppgåva (15 stp)

Ekskursjonar

Kvar haust blir det som del av innføringskurset arrangert ein fagleg ekskursjon. Studiet har fast avtale med det nordiske konferansesenteret Hanaholmen i Helsinki, der både det faglege og sosiale opplegget har bidratt til godt studiemiljø og samhald mellom studentane.

Kven er forelesarar?
Ole Martin Høystad, Ellen Schrumpf, Per Mangset, Geir Vestheim, Ingmar Meland, Heidi Stavrum og Marit Johannson.

 
Hva kan du bruke dette studiet til
ikon zoom

Studiet kvalifiserer for arbeid i media og kultursektoren (for eksempel i kulturredaksjonar, forlag og forskjellige kulturformidlingsbyrå), i kulturetaten i kommune og fylkeskommune, i offentleg og privat sektor, samt i andre delar av samfunnet der det er behov for ein brei og allmenn kulturkompetanse. Masterstudiet kan gi undervisningskompetanse i enkelte humanistiske og samfunnsvitenskaplege fag. Ein mastergradskandidat som tar praktisk-pedagogisk utdanning får lektorkompetanse.

 

Publisert av Espen Johansen - 27.04.2012