Nordisk historie
Utgangspunkt er at Norden kan oppfattast som ein helskap med kulturelle, sosiale og politiske særtrekk. Studiet vil lyfte fram det nordiske perspektivet, og gje innsyn i kva den nordiske samanhengen har hatt å seie i historia, og korleis vi kan forstå viktige forskjellar og likskapar mellom dei nordiske landa. Studiet gjer deg også kjent med aktuell historieforskning i andre nordiske land og kunnskap om historiske arbeidsmåtar. Saman med Historie, årsstudium inngår dette studiet i bachelorprogrammet i historiske fag med fordjuping i historie. Fordjupinga på minst 20 studiepoeng går i haustsemesteret. Emna som går til hausten er 3508 Nordisk historie oversyn, 3511 Nordisk politisk kultur, og den nordiske modellen - Tida etter ca 1800-talet, og 3509 Politisk kultur, normer og sosial kontroll i Norden 1500-1800. Alle med 10 studiepoeng kvar.
Utdanninga kan brukast på område som undervisning, journalistikk/massemedia, kulturverksemd, museums-/arkivarbeid og saksbehandling innan privat og offentleg administrasjon. Du kan nytte utdanninga til å undervise i skolen, men da må du ha praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg. Saman med Historie, årsstudium oppfyller dette studiet kravet til den spesifikke historiedelen i ein bachelorgrad for deg som ønskjer å gå vidare til eit masterstudium i historie. Bachelorgraden kan også nyttast som grunnlag for master i Kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark.
