Norsk, årsstudium

søk her
Studiet gjev ei grunnleggjade innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen og fram til i dag, i eit breitt kulturelt perspektiv.
ikon zoom

Dei fire emna som utgjer studiet, sikrar brei innsikt i språk og litteratur, og omfattar:

  • litterær analyse,
  • litteraturhistorie,
  • grammatikk,
  • språkbruksanalyse,
  • språkhistorie og
  • talemålskunnskap.
  • norsk som andrespråk

Det er mogleg å ta enkeltemne frå studiet både i haust- og vårsemesteret.

Det er og mogeleg å ta med emne som Fantastisk litteratur og Ungdomsspråk ved sidan av eller etter norsk årsstudium.

Undervisningsformene er forelesing og seminar. Haustsemesteret 2012 vert det arrangert ein studietur til Island 9.-14. oktober.

Meir informasjon finn du i studieplanen.

 
Hva kan du bruke dette studiet til

Studiet kvalifiserer for norskundervisning i grunnskolen og den vidaregåande skolen. Det gjev god bakgrunn for arbeid i massemedium. For å nytte utdanninga i skolen må du ha praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg. Studiet går inn i Litteratur og språk, bachelor med fordjupning i norsk, eller det kan vere del av andre bachelorgrader

 

Publisert av Eline Flesjø - 26.03.2012