Spansk og latinamerikansk språk og kultur

søk her
Studiet gjev grunnleggande kunnskapar i spansk språk og samfunnsforhold, historie og kultur i spansktalande land.

Det første semesteret innheld ei alfabetiseringsfase for å få gode språkferdigheiter. I det andre semesteret skal studentane utvikle seg i ein kommunikasjonsfase.

Studiet er sett saman av førelesingar, seminar og øvingar i språklab. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga. Undervisninga blir gjeven på spansk.

Opptakskrav er generell studiekompetanse, men byggjer på kunnskapar tilsvarande B-/C-språk frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Søkjarar til studiet i Bø søkjer via Samordna opptak.

ikon zoom

I vårsemesteret vil det bli gjeve tilbod om innføringskurs i spansk for dei som ikkje har spanskkunnskapar tilsvarande B/C-språk frå vidaregåande skule.

Meir informasjon finn du i studieplanen.

Du kan også studere spansk i San José, Costa Rica gjennom Høgskolen i Telemark i samarbeid med StudyAmericas.Ta kontakt med studieveileder for mer informasjon.

 
Hva kan du bruke dette studiet til
ikon zoom

Gjennomført 30 stp i tillegg til innføringsemnet gjev undervisningskompetanse i spansk i grunnskolen. Årsstudiet kan gje undervisningskompetanse i vidaregåande skule.

Studiet kan vere grunnlag for vidare studium i spansk språk og kultur. Årsstudiet eller enkeltemne kan inngå i ein bachelorgrad i språk og litteratur ved HiT, i ein disiplinretta bachelorgrad eller i ein såkalla fri bachelorgrad.

 

Publisert av Eline Flesjø - 03.05.2012