Folkekunst - tre - metall - tekstil, bachelor

søk her
Bachelorstudiet i folkekunst er eit tilbod til dei som er interessert i utøving innan eit handverk og i formidling av norsk folkekunst. Studiet i folkekunst skal gje studentane ei innføring, og vidare ei fordjuping, i norsk folkekunst. Den utøvande sida av folkekunsten er vektlagt.
ikon zoom

Ved studiestart vel du om du vil arbeide med tre, metall eller tekstil.

Første året vil du, med basis i lokal formkultur, lære å sjølv utforme eigne produkt og utvikle dine evner til kreativt arbeid og formidlingarbeid. Studiet har som mål å gje ei innføring i norsk folkekunst, både teoretisk og gjennom praktisk arbeid. Med folkekunst meiner vi her dei materielle kunsformene som har utvikla seg særleg i norske bygder fram mot vår tid.

I andre året søkjer vi å bringe element frå folkekunsten inn i vår eiga tid og lage gode samtidsprodukt. Studiet har to hovedkomponentar: Fellesdelen skal gje deg erfaring og innsyn i formgjevande folkekunstprosessar, i formidling av kultur- og tradisjonsstoff og i FoU-arbeid.

I tredje studieår vil studenten kunne arbeide med individuelle problemstillingar (haustsemesteret)som skal danne grunnlag for den avsluttande fordjupingsoppgåva i vårsemesteret. Å vidareutvikle ferdigheitene i å formgje i eit materiale, og kunne kombinere teknikkar og estetisk kompetanse, vert vektlagt i studiet.

Studentarbeid:

Tekstil

Metall

Tre

Kreativ Maskinstrikking

 
Hva kan du bruke dette studiet til

Fleire tidlegare studentar held fram som utøvarar innan folkekunst/kunsthandverk. Andre arbeider med undervisning i ulike skuleslag eller kombinerer utøving med andre yrker. Avhengig av retning og fordjuping kan ein arbeide som formidlar i kultursektoren, husflidskonsulent m.m. Studiet kan kombinerast med anna høgare utdanning, t.d. ulike typar lærarutdanning, kulturfagleg utdanning m.m. Gjennom studiet blir mange studentar del av internasjonale nettverk innan folkekunst, noko ein kan ha nytte av vidare i si karriere. Studiet kvalifiserer for opptak til masterstudiet i Tradisjonskunst.

 

Publisert av Nina Holmberg Lurås - 20.01.2012