Design, redesign og saum av klede
Innhaldet i studiet er delt inn i 5 delemne som samla sett gjev ulike perspektiv på temaet design, redesign og saum av klede.
Det vil vere fokus på målsydde og handverksproduserte klede. Studiet inneheld praktisk arbeid med ulike materialar og bruk av maskiner, reiskap og teknikkar i saumfaget. Studentane skal lære måltaking, mønsterkonstruksjon, mønsterforming, tilskjering, tilpassing av plagg og ulike saumteknikkar, re-design og omsaum, modellering mm.
-
Idéutvikling og designprosess
- Saumteknikk og tilskjering
- Mønsterkonstruksjon
- Re-design, omsaum og modellering
- Fagteori
Studiet er sett saman og organisert i 7 heile vekesamlingar, frå måndag til fredag, 3 i haustsemesteret og 4 i vårsemesteret. Dei to siste samlingane er sett av til arbeidet med eksamenoppgåva, individuell rettleiing og arbeid med utstilling og presentasjon av eksamensoppgåve /catwalk.
Det er obligatorisk deltaking på undervisninga under samlingane. Undervisning som vert gjeve under samlingane skal gje studentane nødvendig kunnskap for å kunne fylgje progresjonen i studiet.
Dei ulike emna er integrert i kvarandre. Fagteori og design vil vere gjennomgåande tema under samlingane, då dette set det praktiske arbeidet inn i eit større perspektiv og vil vere ei hjelp for studentane i deira val av estetiske og tekniske løysingar.
