Innføring i norsk folkemusikk

søk her
Studiet er eit deltidsstudium i folkemusikk for musikklærarar. Målet er å gje studentane auka praktisk og teoretisk kunnskap om norsk folkemusikk og dans og om korleis ein best kan bruke denne kunnskapen i grunnskolen.

Ein vil arbeide med praktisk repertoar, bl.a. song og dans som kan nyttast i undervisninga. Og få kunnskap om korleis ein kan tileigne seg meir repertoar. Studiet gjev ei oversikt over dei norske folkemusikktradisjonane slik dei er i dag og ein bakgrunn i dei historiske forholda som har skapt tradisjonane.

Gjennom praktisk tilnærming skal studentane oppleve, diskutere og prøve ut korleis ulike emne kan formidlast med tanke på kompetansemåla i musikkfaget. Stoff frå dei regionane som er relevante for studentane blir prioriterte.

 
Hva kan du bruke dette studiet til

Emnet vil høve som etter- eller vidareutdanning for musikklærarar, som ein del av musikklærarutdanning eller som del av ei universitetsgrad.

 

Publisert av Nina Holmberg Lurås - 20.01.2012