Tradisjonsmat

søk her
Mattradisjonar, drikkekultur og skikkar fylgjer oss frå vogge til grav, er ein del av vårt kvardagsliv og våre høgtidsmarkeringar. Det er ein tradisjon som vi er i ferd med å miste, og som fleire i dag ser verdien av. Som ei motvekt til livsmiddelindustriens masseproduserte, anonyme mat, er det også eit behov i tida for nærleik til råstoff og natur og for regional og lokal tilknyting.
ikon zoom

Studiet gjev ei innføring i tradisjonar knytte til mat og matlaging i kulturhistorisk samanheng. Både den felles norske matkulturen og mangfaldet i den lokale og regionale tradisjonskunnskapen blir vektlagt. Gjennom praktiske øvingar får du grunnleggande kunnskap om matlaging og skikk og bruk omkring mat og måltid.

Undervisninga er konsentrert om ca. 10 samlingar, ein gong pr. månad (onsdag–fredag).

 
Hva kan du bruke dette studiet til

Dette vil studiet fange opp og vera ein inspirator og kunnskapsformidlar for dei som ynskjer eigen kompetanseheving innan dette område. Det kan vera med tanke på foredling av lokale ressursar, småkalaproduksjon, gardsturisme eller andre tiltak. Sentralt i studiet blir fokusering på regionale og lokale mattradisjonar og det mangfald som tradisjonsmat utgjer.

 

Publisert av Nina Holmberg Lurås - 20.01.2012