Logo Høgskolen i Telemark

Teknologisamarbeid mellom elevar og studentar

Ingeniørstudentar ved Høgskolen i Telemark og teknologielevar ved Porsgrunn videregående skole skal nå kunne samarbeide om studentprosjekter for industrien. Dette er eitt av punkta i ei ny partnarskapsavtale mellom dei to institusjonane

(Bilde) Ingeniørstudent Caroline Bolin Svolsbru oh TAF-elevene Lena Weber og Therese Nordahl
ikon zoom

Ingeniørstudent ved HiT - og tidlegare TAF-elev Caroline Bolin Svolsbru (t.v.) og TAF-elevene Lena Weber og Therese Nordahl foran den avanserte separasjonsriggen for olje som er eit av resultata av samarbeidet mellom Høgskolen i Telemark og Porsgrunn vg skole

Ingeniørstudentar frå Høgskolen i Telemark skal også brukast til å gje støtteundervisning i dei spesielle teknologifaga ved Porsgrunn vidaregåande skole.

Det er særleg elevar ved den fireårige vidaregåande opplæringa TAF - Teknisk allmennfag - og pluss elevar ved grunnkurs i teknikk og produksjon ved Porsgrunn videregående skole som er ettertrakta for høgskolen.

BÃ¥de teori og praksis
I tillegg til fagbrev får TAF-elevane også studiekompetanse med dei ekstra fysikk- og matematikkunnskapane som krevst for opptak til eit ingeniørstudium.

Målet med avtala er mellom anna å gje elevane ved Porsgrunn videregående skole betre grunnlag for utdannings- og yrkesval, og sikre rekrutteringa til både Høgskolen i Telemark og Porsgrunn vg.

Avtala betyr også at Porsgrunn vg skole og HiT vil samarbeide om bruk av lærarkrefter og rekrutteringstiltak.

Felles utstyr
Utnytting av felles utstyr er ein viktig del av avtala. Her har dei to institusjonane alt kome godt i gang.

I eit samarbeidsprosjekt er det utvikla og bygd ein avansert forskings- og undervisningsrigg for separasjon av olje og vatn. Dette er ein av dei sentrale prosessane i offshoreindustrien, og ingeniørstudentar ved HiT har vore sterkt involverte i utviklinga og bygginga av riggen.

Forskings- og undervisningsriggriggen til ein verdi av over 400 000 kroner blir brukt både av TAF-elevane og i undervisninga av studentar ved Høgskolen i Telemark. Også industrien i området har støtta utviklinga og bygginga av riggen.

Partnarskapsavtala blei underteikna 14. oktober av dekan Ole Ringdal ved høgskolens avdeling for teknologiske fag og rektor Laila Lerum ved Porsgrunn vg skole.

 

 

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 21.10.2008



Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Om-HiT/Nyhetsarkiv/2008/Elevar-og-studenter-samarbeider