Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 11.06.2008
Frå skulebenken til jobb som festivalsjef
For eitt år sidan avslutta Rita Mienna bachelorstudiet i kulturarbeid ved Høgskolen i Telemark. No er ho fungerande festivalsjef for Telemarksfestivalen og forhandlar med mektige management frå inn- og utland.
Tidligare HiT-student Rita Mienna har festivalsjef-jobben alle kulturstudentar drøymer om.17.- 20. juli skal hun sørgje for at Telemarkfestivalen blir festivalen alle ynskjer å besøkje.
- Eg begynte i stillinga 19. juni 2007, heilt nøyaktig. Dette er ei vikarstilling som blir avslutta når årets festival er over, fortel Mienna, og legg ikkje skjul på at det har vore eit spennande, men hardt år.
Telemarkfestivalen er det største folkemusikkarrangementet i Telemark fylke, og hadde i fjor 7000 besøkande. Stillinga som festivalsjef er ein heiltidsstilling, sjølv om festivalen berre varer frå 17.- 20. juli.
- Jobben går ut på å ta kontakt med artistar, ha ansvar for det økonomiske, søkje om pengar, jobbe med marknadsføring, lage pressemeldingar og ta imot meldingar førespurnadar. No strøymer det inn førespurnadar frå frivillige som ønskjer å jobbe på festivalen, og det er artig, fortel Mienna.
Ein draum å jobbe med musikk
Mienna har alltid drøymt om å jobbe med musikk. Som HiT-student var ho medlem av ”Fri musikkens venner nå!” (FMVN!) og booka band til Kroa i Bø. Og som lita jente frå Nordreisa i Troms var draumen å bli rockestjerne.
- Sidan rockestjerne draumen ikkje blei oppfylt, er festivaljobben heilt klart eit bra nummer to. Det er heilt klart ein drøymejobb, konstaterer 28-åringen.
På kontorpulten ved sida av Mienna, sit festivalsekretær Kine Kronkvist. Ho har også vore kulturstudent ved Høgskolen i Telemark. I tillegg har Mienna eit festivalstyre å rådføre seg med.
- Styret har vore sjefen min i eitt år, men det er mange avgjerder eg må ta på eigenhand. I dei vanskelege spørsmåla tek eg kontakt med styreleiaren, som også er kultursjef i Bø, seier festivalsjefen.
Bein i nasa
Kultursjef i Bø, Hilde Pedersen, kan stadfeste at Rita Mienna gjer ein svært god jobb i vikarstillinga.
- Det er krevjande og tøft å gå inn i ei slik stilling, og festivalmarknaden er også ein tøff marknad. Ein skal ha bein i nasa når ein forhandlar om kontraktar, vilkår og ikkje minst økonomi med dei store managementene i både inn- og utland. Det er ein god bakgrunn og ha teke kulturstudiet. Kulturpolitikk og forståinga av korleis kulturlandskapet ser ut, er heilt avgjerande når ein skal halde seg oppdatert i ein slik jobb, fortel kultursjefen.
Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Om-HiT/Nyhetsarkiv/2008/Fraa-skulebenken-til-jobb-som-festivalsjef