Logo Høgskolen i Telemark

Miljøpris skaper engasjement

Det er kome inn 28 forslag på korleis Høgskolen i Telemark kan redusere miljøbelastninga ved eige verksemd. Miljøprisen som blei offentleggjord 1. oktober skaper stort engasjement og studentane er dei ivrigaste bidragsytarane.

Syklar ved eit sykkelstativ
ikon zoom

Til no er det kome inn 28 forslag på korleis Høgskolen i Telemark kan bli ein meir miljøvennleg verksemd. Mange forslagstillare har tenkt på korleis ein kan auke sykkelbruken hos studentar og tilsette ved HiT.

Frå 1. oktober til 30. desember har studentar og tilsette moglegheit til å kome med forslag på korleis Høgskolen i Telemark kan redusere miljøbelastninga ved eige verksemd. Det beste forslaget vil bli honorert med 5.000 kroner. Til no er det kome inn 28 miljøforslag og studentane har sørgt for 19 av dei.

Forslaga som har kome inn i løpet av den fyrste månaden er varierte og kreative. Fagjuryen vil få ein tøff jobb med å kåre det beste miljøtiltaket for HiT.

Svært mange av forslagstillerane uroar seg for bilbruken hos studentar og tilsette og fleire har forslag til korleis ein kan løyse det. Sykkelkampanje, sykkelutleige, sykkelgarasje, sykkelheis og parkeringsavgift er nokre av forslaga. All papirmengda og alle utskriftene som blir produserte ved høgskulen er det også kome inn ulike forslag om å redusere.

Her er nokre av forslaga:
- Innføre ein HiT-buss mellom Bø og Notodden då mange pendlar på strekninga.
- Byggje opp ein eigen vindturbin på skulen sitt område som sørgjer for straum til bygga (Porsgrunn)
- "Miljømedviten student?"- kampanje som skal få studentane til å redusere bilbruk m.m.
- Kutte ut papp- og plasttallerkenar, teskjer og krus i plast i kantina i Porsgrunn
- Returordning for elektroproblemavfall og gjenvinnbart avfall
- Tilbod om leige av syklar frå skulen og sykkelheis (Notodden)
- Alle skrivarar ved HiT blir innstilt med dobbeltsidig utskrift som "default"
- Kjempe for å behalde Bratsbergbanen mellom Porsgrunn og Notodden
- Elektronisk bookingsystem for felleskøyring mellom studiestadene
- Slå av lyset i rom som ikkje blir brukt
- Få fleire fôrelesarar til å nytte seg av Fronter

Prisen på 5000 kroner vil bli delt ut under eit arrangement ved høgskulen våren 2009.
Det er framleis mogeleg å kome med forslag i dette enkle skjemaet.

 

 

 

 

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 05.11.2008



Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Om-HiT/Nyhetsarkiv/2008/Miljoepris-skaper-engasjement