Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 27.10.2008
Blei slått på målstreken
Revisjonsstudentane i Revisjon Invest frå Høgskolen i Telemark var berre tusenlappar unna 1. plassen i HegnarOnline og Finansavisen sin konkurranse ”Studenter på Børs”. Dei blei slåtte på målstreken av Universitetet i Oslo.
Dei fire HiT-studentene (f.v) Jonas Alexandersen, Håvard Urberg Johannesen, Robert Fredenfeldt Lind og Håkon Berge Kvam har blitt omtalt som finansheltane frå Telemark i Finansavisa, men måtte se seg slått på målstreken av UiO i den fiktive børskonkurransen "Studenter på Børs".
En million ble til 3,19 millioner på 12 uker (Hegnaronline)
HiT-studenter leder børskonkurranse (hit.no)
- Vi leia fram til klokka fire på fredag. Det var veldig jamt og berre 1% som skilte oss frå nummer to, fortel HiT-student Jonas Alexandersen.
I tre månader har Jonas og medstudentane Håvard Urberg Johannesen, Robert Fredenfeldt Lind og Håkon Berge Kvam vore med i konkurransen "Studenter på Børs" og konkurrert mot 52 andre lag frå universitetet og høgskular i Noreg. De fekk alle ein million krone til disposisjon og Revisjon Invest klarte å auke verdien til kr. 3 154 380.
Sjølv om det alltid kan svi litt å tape i innspurten, tek gutane det med fatning.
- Vi kan ikkje tenkje på det som eit tap. Vi kom som nummer to av 56 lag. Dessutan har vi lært mykje. Innan makroøkonomi heng alt saman med alt. Prisen på olje og gull er for eksempel veldig viktig for aksjekursane, legg Alexandersen til.
Dei siste månadars børskonkurranse bør ha god relevans for fire økonomistudentar som no gå inn i eksamenstida.
Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Om-HiT/Nyhetsarkiv/2008/Revisjon-Invest-blei-slaatt-paa-maalstreken