Logo Høgskolen i Telemark

Avisteikningar som språk

Å ta ein doktorgrad er ingen spøk. I over 13 år har førsteamanuensis Berit Ingebrethsen ved Høgskolen i Telemark jobba med ei avhandling om metaforbaserte teikningar. Til saman har ho analysert 229 bilete av avisteiknarane Finn Graff og Saul Steinberg.

Ein avistekning av Finn Graff der Gorbatsjov er gartnar og sit og hold på ei krukke med ei spire oppi.
ikon zoom

Planta i denne teikninga står som ein metafor for post-republikkane etter Sovjet-samveldets oppløysing. Gorbatsjov er gartnaren (Finn Graff, Det dages i øst. Dagbladet 28.12.1989.). Denne illustrasjonen er ein av mange som Ingebrethsen har analysert i doktorgradsavhandlinga si.

- Metaforbasert teikning vil seie korleis ein kan få sagt noko ein har på hjartet med teikning i staden for ord. Finn Graff er suveren på å behandle symbol som gjer at han får sagt ting så vi forstår dei, fortel Ingebrethsen

For å kunne seie noko om abstrakte omgrep som for eksempel tid, kjærleik, vennskap og samfunn må ein bruke konkrete omgrep som eple, hjarte og kross. Det er avisteiknaren Finn Graff og den amerikanske illustratøren Saul Steinberg spesialistar på.

Ser bilete som språk
Ingebrethsen har i avhandlinga si laga eit biletspråksystem som systematisk analyserer bilete og vise eit grunnlag for at vi oppfattar kva dei seier.

- Ein kan seie at bilettydingar ligg i klumpar eller pakkar. Desse tydingane har vore sett på som for komplekse til å skildre, fordi dei opptrer på mange ulike nivå. Jeg har plukka frå kvarandre slike komplekse klumper i materialet frå Graff og Steinbergs teikningar, fortel Ingebrethsen.

Ho har teke i bruk kognitiv metaforteori. Ho brukar også kognitiv lingvistikk, biletsemiotikk, narratologi
og retorikk som hjelpedisiplinar.
- Som resultat av analysane kan det visast til eit system av paradigmatiske utval som teiknarar meir eller mindre medviten veljar frå når dei formulerer dei visuelle ytringane sine om ei sak, avsluttar Ingebrethsen som underviser i tekning ved institutt for forming og formgiving på studiestad Notodden.

Biletspråksystem som pensum
Dr. Kjell Magne Yri ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier (ILN) ved Universitetet i Oslo var disputasens

ikon zoom

Førsteamanuensis Berit Ingebrethsen har nylig tatt en doktorgrad om metaforbaserte teikningar.

annenopponent. Han meiner at Ingebrethsen sin avhandling er banebrytande og seier at han vil bruke deler av anhandlinga som pensum for studentar ved ILN.

Førsteamanuensis Berit Ingebrethsen ved Høgskolen i Telemark disputerte med avhandlingen ”Metaforbasert tegning undersøkt som eit bildespråksystem gjennom avistegninger av Finn Graff og Saul Steinberg med kognitiv metaforteori som hovedredskap” 17. desember 2008. Det skjedde på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

 

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 19.01.2009



Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Om-HiT/Nyhetsarkiv/2009/Avisteikningar-som-spraak