Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 28.04.2010
Fire prosent fleire søkjarar til HiT
På landsbasis er det ein liten nedgang i talet på søkjarar til høgre utdanning. Men for Høgskolen i Telemark det ein klar vekst, viser søkjartala som det sentrale opptaksorganet Samordna opptak la fram onsdag.
Dette er resultatet etter at søknadsfristen var ute 15. april. Tala frå SO gjeld grunnutdanningane - dei studia som kan søkjast rett frå vidaregåande skole.
Totalt er det 103 400 søkjarer i år, ein nedgang på snaut 800 samanlikna med i fjor. Men Høgskolen i Telemark har ein vekst på nær fire prosent.
Mange fleire vil bli lærarar
Størst er veksten for den nettbaserte grunnskolelærarutdanninga.
Den tidlegare allmennlærarutdanninga er nå delt. Dei nye grunnskolelærarutdanningane har ei utdanning for lærarar på barnetrinnet og ei for ungdomstrinnet.
Medan det i fjor var totalt 210 søkjarar til dei ulike allmennlærarstudia ved Høgskolen i Telemark, er det i år samla 319 søkjarar til dei nye lærarutdanningane. Av desse er det 186 som ønskjer dei nettbaserte variantane.
Ny vekst for eigedomsmeklarane
Totalt er det vel 2400 søkjarar til dei 1698 studieplassane i grunnutdanningane i HiT.
Eigedomsmeklarstudiet er tilbake med solide søkjartal etter at finanskrisa dempa interessa i fjor. Nå er det 145 søkjarar til 35 studieplassar.
Utanom desse er det bare mindre endringar i opptakstala for dei andre grunnutdanningane ved Høgskolen i Telemark. Sjukepleiarutdanninga i HiT går noko tilbake, slik det òg er på landsbasis.
- Vi er svært godt nøgde med at vi er blant dei som har solid vekst i søkjartalet. Og med det aukar òg marknadsandelen vår, seier Mari Helle Hegna, leiar ved opptakskontoret ved Høgskolen i Telemark.
Minus for universiteta
Av dei 49 høgskolane og universiteta i Samordna opptak har Høgskolen i Harstad størst framgang med over 31 prosent fleire søkjarar enn i fjor. Universiteta, med unntak av Agder og Bergen, har lågare søkjartal i år.
Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Om-HiT/Nyhetsarkiv/20102/Fire-prosent-fleire-soekjarar