Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 18.02.2013
Doktorgrad nr. 3 ved Høgskolen i Telemark
Høgskolen i Telemark fekk i dag offisiell godkjenning av sitt lenge planlagde doktorgradsprogram i kulturstudiar. Dette blir den tredje doktorgradsutdanninga ved høgskolen.
- Vi tek sikte på å ha doktorgraden i gang i løpet av dette året, seier professor Geir Vestheim, kontaktperson for det nye doktorgradsprogrammet.
Både høgskolens internasjonalt godt kjende forsking innan kulturforståing og kulturpolitikk saman med sterke kompetansemiljø i kulturproduksjon og estetisk praksis er sjølve kjernen i det nye doktorgradsprogrammet.
- Det er nå bare formalitetar som står att, og vi reknar med å ha doktorgradsprogrammet i gang til haustsemestret, seier Geir Vestheim.
Kulturfylke
Han peikar på at høgskolen med dette tredje doktorgradsprogrammet gir ytterlegare eit solid tilskot til kunnskapsproduksjonen i regionen, og at programmet samstundes styrker Telemarks posisjon som kulturfylke.
Det er styret i det nasjonale akkrediteringsorganet NOKUT som nå har godkjent doktorgradsutdanninga. Ved behandlinga av søknaden frå Høgskolen i Telemark hadde NOKUT-styret på bordet sitt konklusjonen frå ein uavhengig sakkyndig komité.
Komitéen hadde gått grundig til verks, og i tilrådinga si ga komiteen ei uvanleg positivt vurdering av det planlagte doktorgradsprogrammet og kompetansemiljøet som det byggjer på.
Tverrfagleg
Doktorgradsprogrammet skil seg frå doktorgradsprogramma ved universiteta ved at det er tverrfagleg og breitt orientert.
Viserektor for forskning ved HiT, Pål Augestad, legg også vekt på den betydninga kulturdoktorgraden har internt i høgskolen.
- Det har sveisa dei sterke kulturfage miljøa i Rauland, Notodden og Bø enda betre saman, understrekar han.
Tre stipendiatar
Høgskolen vil med det første lyse ut tre stipendiatstillingar (dvs stillingar som doktorgradsstudentar) tilknytta det nye doktorgradsprogrammet.
Den eine vil bli knytt til folkekultur og folkemusikkmiljøet i Rauland, det andre til forming- og estetikkfaga i Notodden og det tredje til kulturpolitikkforskinga i Bø, seier professor Geir Vestheim.
Høgskolen i Telemark har frå før doktorgradsprogram innan prosess-, energi- og automatiseringsteknikk og innan økologi.
Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Om-HiT/Nyhetsarkiv/2012/Tredje-doktorgrad-ved-HiT