Publisert av Eline Flesjø - 23.05.2013
Kultur og ledelse / Kultur og leiing
Hovudmålet for studiet er å gje kunnskap om og forståing av leiing i kultursektoren. Studiet er delt i to modular, i Modul I leggast vekta på kultur, i Modul II leiing. Studiet vil gje studentane kunnskap om leiing, om kultur som eit sosialt og estetisk fenomen, om mål og rammer for norsk kulturliv, om korleis kulturforvaltinga er oppbygd, om kulturøkonomi, marknadsføring og sponsing. Studiet vil også gje ein innføring i grunnleggande etiske, forskingsmetodiske og vitskapsteoretiske spørsmål.
Innhald Modul kultur
- Kunst og kultur som sosialt og estetisk fenomen
- Nasjonal kulturpolitikk
- Mål, rammer og oppgåver for norsk kulturliv
- Marknadsføring, sponsing og forholdet mellom økonomi og kultur
- Budsjett og rekneskap
- Prosjektarbeid
Innhald Modul ledelse
- Leiingsteori og personaladministrasjon
- Leiing i kultursektoren og av kulturorientert næringsliv
- Organisasjonsteori
- Kultur, leiing og kommunikasjon
- Medie-, samfunns- og marknadskontakt
- Etikk og vitskapsteori
Studia er lagt opp slik at det skal vere mogleg å kombinere studiet med fulltidsarbeid. Studia er basert på ein kombinasjon av undervisning, vegleiing, sjølvstudium og løysing av oppgåver. Kjernen i undervisninga er to vekesamlingar pr. semester. I studieåret 2013/2014 er samlingane i uke 36 og uke 41 og uke 3 og uke 11, frå måndag til fredag.
Det nettbaserte undervisingssystemet Fronter vil vere eit vesentleg hjelpemiddel i undervisinga.
Søknadsfrist: 15. april
Studiet rettar seg mot tilsette i den kommunale og fylkeskommunale kultursektoren, mot private og offentlege kunst- og kulturinstitusjonar og -organisasjonar og mot arrangørar. Studiet vil også vera relevant for dei med kunstnarleg og/eller pedagogisk bakgrunn og for dei som arbeider med informasjon og formidling generelt.
Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Soeker/Studietilbud/Etter-og-videreutdanning/Videreutdanning/Kultur-og-ledelse-Kultur-og-leiing
