Ansvarlig for nettsiden Bergit Grivi, Kristin Midtbø, sist oppdatert av Helle Friis Knutzen - 02.02.2012
Gateway College
Studium på norsk i utlandet
Gateway College og Høgskolen i Telemark samarbeider om ei rad spennande studium i utlandet. Du kan ta ex.phil.,reiseliv, moteleiing, økonomi og språk m.m på Bali (Indonesia), i Paris, New York, Sydney (Australia) og Playa del Carmen (Mexico). I New York vil undervisninga haustsemesteret 2011 og vårsemesteret 2012 bli gjennomført på engelsk, og med engelskspråkleg pensumlitteratur. Dette er ei unnataksordning som berre gjeld for desse semestera, og grunnar seg i ein problematikk knytt til visumreglar.
Fullført studium med 30 studiepoeng er -- avhengig av studieprogram -- anten samanfallande med 1. semester i årsstudium eller bachelorstudium ved HiT, samanfallande med frie studiepoeng i eit bachelorprogram, eller det kan på andre måtar godkjennast inn i ein bachelorgrad etter søknad og tilpassing.
Studia gjev rett til lån og stipend i Lånekassa på vanleg måte.
Høgskolen i Telemark er fagleg ansvarleg for utdanninga, og Gateway College er ansvarleg for den praktiske tilrettelegginga på studiestadene.
Sjå nærare om oppdatert studieprogram og emneoversyn.
Direktelenker til pensumoversyn:
Kultur- og humanistiske fag (m.a. filosofiske fag og språkfag)
Økonomi og informatikk (m.a. marknadsføring og leiingsfag)
Les meir om det praktiske på nettsidene til Gateway College!
Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Student/AA-studere-i-utlandet/Gateway-College
Eksterne lenker