Logo Høgskolen i Telemark

Ut i verda med Gateway College

Studietilbod på mange kontinent

ikon zoom

Gateway College og Høgskolen i Telemark samarbeider om ei rad spennande studium i utlandet. Du kan ta ex.phil.,reiseliv, moteleiing, økonomi og språk m.m på Bali (Indonesia), i Paris, New York, Cape Town og Playa del Carmen (Mexico). I New York vil undervisninga bli gjennomført på engelsk, og med engelskspråkleg pensumlitteratur. Dei andre stadene er undervisningsspråket norsk.

Fullført studium med 30 studiepoeng er -- avhengig av studieprogram -- anten samanfallande med 1. semester i årsstudium eller bachelorstudium ved HiT, samanfallande med frie studiepoeng i eit bachelorprogram, eller det kan på andre måtar godkjennast inn i ein bachelorgrad etter søknad og tilpassing.

Studia gjev rett til lån og stipend i Lånekassa på vanleg måte.

Høgskolen i Telemark er fagleg ansvarleg for utdanninga, og Gateway College er ansvarleg for den praktiske tilrettelegginga på studiestadene.

Sjå nærare om oppdatert studieprogram og emneoversyn.

Direktelenker til pensumoversyn:

Kultur- og humanistiske fag (m.a. filosofiske fag og språkfag)

Økonomi og informatikk (m.a. marknadsføring og leiingsfag)

Les meir om det praktiske på nettsidene til Gateway College!

Ansvarlig for nettsiden Bergit GriviKristin Midtbø, sist oppdatert av Kristian Ihle Hanto - 27.04.2012



Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Student/AA-studere-i-utlandet/Utanlands-i-samarbeid-med-Gateway-College